SANKEFESTIVALEN 8. AUGUST 2020


​​​​​​​

Sankefestivalen er ein fest for naturen og det den har å gi oss av fantastiske produkt og opplevingar. 

På grunn av Korona Covid 19 er festivalen redusert frå to til kun ein dag, og det blir innført  påmelding på alt.

Alt kjem på plass etter kvart med meir info og påmeldingslinkar på denne sida.

Det blir aktivitetar for små og store knytt til hausting frå fjorden, utmark og hage. Festivalen har fokus på naturbaserte produkt, opplevingar og lokal kulturhistorie. 

Lokal sankekafè, aktivitetar på kaien, foredrag og kurs.

  • Pilflettekurs med Klara Pil
  • Nyttevekster og medisinske urter - kurs/foredrag ved Kristine Enger, Sankeliv.
  • "Bruk alt" og kurs i fermentering med kokken Heidi Netland Berge
  • Lag din eigen kjøkkenhage med Margunn Ueland.
  • Lokale fiskarar kjem inn med dagens fangst - Grilling på kaien v/Sankefestivalkokken Dariusz

Antall-og avstandsbegrensingar på alle aktivitetar.

KONKURRANSE OM BESTE HEIMELAGA PRODUKT
Dette kan du vera med på! 

Frå no og fram mot Sankefestivalen er det eit vell av produktar du kan hauste og tilbereda. Ta med det beste du har og bli med i konkurransen.  Det er to klassar:

  • Beste syltetøy/saft
  • Beste sankeprodukt opne klasse (foredla produkt som kan etast, drikkast eller smakast)


SPESIELT FOR BARN

  • Stintefiske - konkurranse
  • Aktivitetar på kaien ved fiskebåtane.
  • Natursti

MAT OG DRIKKE

Vår lokale kokk Dariusz Michalek riggar til kafe frå det "Grøna Rommet"  og grilling av fisk på kaien.

  • God mat med lokale råvarer og sankeprodukt

PÅMELDING FOR STAND PÅ TORGET

Pga korona-restriksjonar blir Sanketorget veldig anderledes i år.  Me satsar på ei langstrakt aktivitetsløype med  standplasser innimellom.  Alt som er relatert til sanking frå natur og hage er relevant, ferske og foredla produkt og handtverk.  Torget skal være åpent heile dagen. Det er GRATIS standplass, men du må melda deg på og få godkjenning.
Påmelding for stand på e-post til: geir.ims@ryfylkeiks.no​​​​​​​

KONTAKTINFO

Hjelmeland Turlag er hovedansvarleg for Sankefestivalen.
E-post: hjelmelandturlag@stf.no​​​​​​​

BILDER FRÅ SANKEFESTIVALEN I 2018 OG 2019: