SANKEFESTIVALEN 26 - 27. juni 2021

Sankefestivalen på Hjelmeland 2019. Hjelmeland Turlag.
Sankefestivalen på Hjelmeland 2019. Hjelmeland Turlag. Foto: John Petter Nordbø

​​​​​​​Sankefestivalen er ein fest for naturen og det den har å gje oss av fantastiske produkt og opplevingar.

Det blir aktivitetar for små og store knytt til hausting frå fjord, hei, utmark og hage. Festivalen har fokus på naturbaserte produkt, opplevingar og lokal kulturhistorie. 

  • Åpent sanketorg med aktivitetar. 
  • Jærsoppen - Norges sopp - og Nyttevekstforening. Sopp, nyttevekster, fermentering.
  • Åpen kafé med lokalmat  med eigen Sankefestivalkokk
  • Lag din eigen kjøkkenhage 
  • Nyttevekster og medisinske urter 
  • Tips til hausting året rundt 
  • Lokale fiskarar kjem inn med dagens fangst 
  • Grilling av fisk på kaien 
  • Barnas pannekakesertifikat
  • Premiering av beste sankeprodukt, saft og syltetøy.


KONKURRANSE OM BESTE HEIMELAGA PRODUKT
Dette kan du vera med på! 

Fram mot Sankefestivalen er det eit vell av produkt du kan hauste frå natur og hage.  Sank inn og lag noko godt av det: saft , syltetøy, tørka urter, te, krydder, sopp....mm

Ta med det beste du har og bli med i konkurransen.  Det er to klassar:

  • Beste syltetøy/saft
  • Beste sankeprodukt open klasse (foredla produkt som kan etast, drikkast eller smakast)

Me tar imot produkt i vårt sekretariat fram til  kl 14.00 på festivaldagen
Jury kårar vinnarar.  Premiering ca  kl 15.30 på Sanketorget.


SPESIELT FOR BARN

  • Stintefiske - konkurranse. Premier for største, minste og flest fisk blir trukket etter festivalen og tilsendt vinnerne.
  • Aktivitetar på kaien ved fiskebåtane
  • Natursti. Premie blir trukket etter festivalen og tilsendt vinneren.
  • Lag din eigen pannekake - snu han i luften
  • Stylter
  • Såpebobler

PÅMELDING FOR STAND PÅ TORGET

Pga korona-restriksjonar blir Sanketorget veldig anderledes i år.  Me satsar på ei langstrakt aktivitetsløype med  standplasser innimellom.  Alt som er relatert til sanking frå natur og hage er relevant, ferske og foredla produkt og handtverk.  Torget skal være åpent heile dagen. Det er GRATIS standplass, men du må melda deg på og få godkjenning.
Påmelding for stand på e-post til: geir.ims@ryfylkeiks.no​​​​​​​

KONTAKTINFO

Hjelmeland Turlag er hovedansvarleg for Sankefestivalen.
E-post: hjelmelandturlag@stf.no​​​​​​​

Festivalen arrangeres i samarbeid med Jærsoppen i Norges sopp- og nyttevekstforbund avd. Sør-Rogaland. 

BILDER FRÅ SANKEFESTIVALEN I 2018, 2019 OG 2020: