DIGITALT ÅRSMØTE

HJELMELAND TURLAG


23.02.2021 kl. 1900 på Teams

Sakliste årsmøte:

Godkjenne innkalling og sakliste

Val av møteleiar og referent

Årsmelding 2020 m/økonomi inkl. Sankefestivalen 2020

Orientering frå Stavanger Turistforening, STF
Innkomne saker

Val

Premiering turpostar v/Ritlandskrateret og Hjelmen
Takkegåver til våre lokalkjende medhjelparar mfl. 2020
Turprogrammet for 2021



Turglede i fokus m/Friluftsjenta Karen M. Kyllesø


ALLE hjarteleg velkomne, møte er digitalt, så du må gå inn på arrangementet på STF si nettside, via Turlaget og arrangement. LINK TIL ÅRSMØTET PÅ TEAMS

                                                      Styret

Hjelmeland Turlag



ÅRSMELDING 2020, HJELMELAND TURLAG



INNLEIING

2020 har vore eit spesielt år for alle. Også for Hjelmeland Turlag. Me fekk gjennomført årsmøte før restriksjonar i høve til korona vart innført, deretter har det vore meir eller mindre restriksjonar gjennom heile året. All aktivitet vart avlyst i perioden 12. mars til ca. 1. mai. Me avlyste ein tur til Loftsheia i april, og dugnaden i Viglesdal vart sterkt redusert.
Hytteutleige har og vore annleis. Ei stund var hyttene stengt, seinare var det ein periode der ein kunne vere nokre få i lag, og ein reserverte då heile hytta. Resten av 2020 blei det førehandsbestilling av senger, redusert tal gjester og det har vore hyttevertar på dei fleste hyttene gjennom sommaren og noko elles.

Pga at her har vore hyttevertar i sommar i Viglesdal, har det ikkje vore så mykje behov for ordinært tilsyn. Vertane har tatt noko førefallande arbeid etter kvart.
Til tross for ein periode med stengte hytter og seinare krav om bestilling av plass, så har det vore 1682 overnattingar i Viglesdal tom midten av oktober. Dagsbesøk har ikkje vore aktuelt, bare førehandsbestillingar. Mest overnattingar var det i juli, deretter september, august og oktober. Dei månadane med minst restriksjonar og lågast smitte nasjonalt, men og dei månadane som tradisjonelt har mest trafikk i heia.


Sankefestivalen 2020 blei gjennomført. Me er stolte av at me fekk til det! Me må takka STF for at det lot seg gjennomføra. Dei har system for påmeldingar, registreringar, smittevernreglar osv. Utan deira hjelp og system hadde det ikkje gått an. Men me fekk gjennomført festivalen som eit 1 dags arrangement. Smittevennleg å ikkje legge opp til overnatting mm. Me delte dagen i to som to arrangement, og kunne ha maksimalt 200 stk om gongen, dvs. maksimalt 400 deltakarar totalt i løpet av dagen 8. august. Det var fullt første del av dagen, nokon ledige plassar andre del av dagen. Me fekk til torg (mindre enn tidlegare år), kafé, konkurransar for barn og unge, bla fisking og pannekakesteiking og natursti. Her var kurs og foredrag, filetering og grilling av fisk mm.

Me hadde 16 turar og arrangement på programmet i 2020. Dugnaden blei redusert, ein tur blei avlyst, og Ryfest blei avlyst, der skulle me hatt stand. I tillegg har me vore med på 2 arrangement, opning av historisk vandrerrute og lokal design, som ikkje var planlagt på førehand. Me har hatt noko mindre oppmøte enn tidlegare år. Om dette skuldast at me stort sett har vore uheldige med været den dagen me har hatt tur og arrangement, eller at folk har vore skeptiske til fellesarrangement pga korona, eller at det er ein bøyg når ein må melde seg på, veit me ikkje. Det har vore krav om påmelding til alle arrangement i frå mai. Dersom det er plass har ein kunna melda seg på heilt fram til turen startar. Totalt 560-570 stk har delteke på arrangementa i 2020.

Bjødnabu:
Pga lekkasje i glaset, og herverk på luftinga til septiktanken (fylt i lufterøyret med pukk), og pga korona og manglande høve til kontinuerlig reinhald når er ikkje er innlagt vatn, blei toalettet stengt ca. april og har ikkje blitt reparert og opna att. Turlaget har venta på avklaring med kommunen kva som inngår i driftsavtalen mellom oss, og kva som er å rekne som vedlikehald som byggeigar Hjelmeland kommune må ta. Gapahuken blir brukt. Somme tider er den nytta som bustad, det synes me ikkje er greitt pga at den skal vere tilgjengeleg for alle.  

Turpostar:
Gapahuk ved Ritlandskrateret:

Posten har vore i fleire år, og har ikkje nyheitsinteresse lengre, men 2020 har vore eit år der mange har gått på tur når mange andre tilbod har vore stengt, og ein ikkje har kunna reist utanlands eller langt i feriesamanheng. Det er difor 765 registrerte i turboka. Me har tom 2020 trekt premie kvart år. Fom 2021 blir her trekking av premie når boka er utskriven, slik som for dei andre turpostane me nå har ansvar for.

Strenjatonå:

Ny løype i 2019. Var ein av postane i kodejakta til Hjelmeland kommune i 2020, difor mykje besøk.

Skomakarnibbå:
Ny 2020, lokal fadder. Ikkje premiering pga ein reknar med at her er det mykje utanlandske og framande turgåarar som det ikkje er lett å formidle premie til. Har ikkje tal på besøkande gjennom sesongen.

Turpostar me overtok i 2020 frå Hjelmeland Røde Kors, 5 stk: Hjelmen, Jørmeland, Post 1, 2 og 3 ved Sandåsen
Har lokale faderar til desse postane. Fadrane var avklart til årsmøte i fjor. Me har ikkje  oversikt over kor mange som har besøkt dei ulike postane i løpet av året.

Hjelmeland Sparebank sponsar postane med postkasse og bok, og premiar.

Adventskalender:
Me hadde presentasjon av område, turar og løyper eller hytter kvar dag 1. – 24. desember. Både frå område me har hatt turar, skal ha turar, turområde mm. Dette skapte aktivitet og engasjement på Facebooksida i ei elles roleg tid. Turtips er delt vidar og ein del følgjarar har skrytt av kjekk kalender.

Lager:
Turlaget leiger lager i kjellaren i det gamle posthuset i Vågen. Me har avtalt å leige lager hjå Gunnulf Sande, og brukar noko av «fondet» vårt til å få lageret tilpassa vår bruk og åtskilt frå Gunnulf sitt lager. 10 års avtale. Me har og snakka om lagerplass hjå Frivilligsentralen for mindre ting som bør ligge på tørt og temperert lager, dette er ikkje avklart ennå.  

Takk:
Hjelmeland Turlag takkar dei som jobbar dugnad, har tilsyn eller er hyttevertar i Viglesdal. Hyttevertane er organisert direkte gjennom STF så dette har me ikkje oversikt over.
Me takkar og alle dei gode hjelparar og kjentfolka me har hatt med på turane/arrangementa våre.

Hjelmeland Turlag syns og det både er nyttig og kjekt med samarbeid med andre lag som for eksempel, Hjelmeland Røde kors og Hjelmelandsspeiderane! Me set og stor pris på samarbeidet med Frivilligsentralen. Me arrangerte kanodag i lag med Røde Kors. Me hadde ikkje Finn fram dag på Bjødnabu i 2020.

Alle våre samarbeidspartar og medarrangørar i samband med Sankefestivalen fortener mykje skryt og ein stor takk. Det hadde ikkje blitt nokon festival utan at Geir Ims kom med ideen, utan frivillige i komitéarbeid som har bygd vidare på ideen, fiskerar som kom med fisk til oss, dei som har sanka og/eller laga noko som kunne seljast på torget, kafévert, deltakarane som kom og var nysgjerrige på både varer og kunnskap. Tusen takk alle dokk og alle dei andre som fortener det. Også takk til Hjelmeland kommune for lån av både uteområde og lokalar til kafé, kurs og føredrag mm. Me vil og takke STF for god hjelp på mange felt både i planlegging og gjennomføring.

Hjelmeland Turlag har 347 medlemmer i 2020, takk for at du er medlem!

Årsmøte:

Årsmøte var 28.01.20 kl 1900-2100 på Spinneriet i Hjelmeland.

Det møtte 38 stk. på årsmøte, i tillegg var det 3 stk på første del av møte når Ombo Turboklubb presenterte seg. Møte var ope for alle, enten ein er medlem i DNT-systemet, eller ikkje. 
Først viste me STF sin video om frivillighet. Er laga både for å verve fleire frivillige og sette pris på dei som er frivillige. Arne Kleppa er forteljaren i filmen.

Turboklubben frå Ombo hadde si orientering først pga ferjeruter. Servering av pølseslaskaus.
Deretter vanlege årsmøtesaker, forslag til bruk av fond, faderar til turpostar, premiering turpostar, presentasjon av program 2020, takk til kjentfolk mm. Orientering frå STF.
Takk til Njål Hetlelid som slutta i styret.

STYRET 2020
Svanhild Hjorteland Gbada – leiar, Elisabeth H. Nessa – nestleiar og koordinator for tilsyn/dugnad Viglesdal, Anne Kari Skogerbø – sekretær/kasserar (Astrid sa ja til å vere kasserar, men pga korona og litt vanskeleg å få til opplæring, og pga at STF gjer mykje av kasserarjobben, har Anne Kari fortsett i vervet frå 2019), Gunnulf Sande materialforvaltar, Paul Øvrehus og Siv Iren Moen Hausken styremedlemmer. Både Svanhild, Paul, Gunnulf, Anne Kari og Siv Iren har vore med frå styret i komiteen for Sankefestivalen 2020.

Svanhild Hjortland Gbada 2 år    2019/2020            ikkje på val i styret, attval som leiar       

Elisabeth Hausken Nessa   2 år    2019/2020            ikkje på val    

Siv Iren Moen Hausken     2 år    2019/2020            ikkje på val

Anne Kari Skogerbø           2 år    2020/2021            attval

Paul Øvrehus                      2 år    2020/2021            attval

Gunnulf Sande                   2 år    2020/2021            attval

Astrid Rosså                       2 år    2020/2021            ny 2020


Valkomité:
Paul Øvrehus som representant frå styret, Anne Grete Gauthun valt for eit år til, Njål Hetlelid gjekk ut av styret og blei med i valkomiteen.

Styret har hatt 6 styremøte i 2020 i tillegg til ein del avklaringar på telefon og e-post og meldingar. Heile styret fungerer som turkomité. Svanhild og Anne Kari var med på fellesmøte med STF og dei andre turlaga i januar 2020 på Fureneset i Strand. Hjelmeland Turlag har og deltatt på kontaktforum for frivillige lag og organisasjonar i Hjelmeland i regi av Frivilligsentralen. Anne Kari og Svanhild har og vore med i arbeidsgruppa for turkart/turstiar frå Vågen i Hjelmeland som tilsette i kommunen, men ein har og linken til Turlaget her.


VIGLESDAL
Det er nå 3 hytter å ha drift, tilsyn og dugnad på. Redusert dugnad i april. Hyttevertar i sommarsesongen. Noko tilsyn, spesielt i haust, utført av hyttekoordinator Elisabeth. Ein stor takk til dei som bidrar til drift av hyttene.

ØKONOMI
Me er integrert i STF sitt rekneskap som eige prosjekt. Dei største postane i vårt rekneskap er Sankefestivalen. Utgiftene var større enn driftsinntektene, men me var heldige og fekk mykje støtte/tilskot og kom difor ut med eit lite overskot. Inntektene var deltakaravgift på kurs og foredrag. Pga smittevernreglar kunne me ikkje ha så mange deltakarar på kvart kurs/foredrag. Me kunne heller ikkje ta med folk ut på fisketur ol.
I drifta til Turlaget elles har me bla kostnader med utarbeiding og trykking av turfoldar og årsmøte. Inntekter er litt kanoutleige.

MARKNADSFØRING/INFORMASJON

Hjelmeland Turlag har laga turfoldar med hjelp av STF. Den er delt ut ved høve, på turar osv, og den ligg ute på biblioteket. Me har hatt altfor stort opplag, eller vore for lite flinke å dele ut, har mange att. Alle turane våre ligg på heimesida til Stavanger Turistforening under Hjelmeland Turlag og kronologisk etter dato for arrangement. Elles har me informert om turar m/plakatar, nokon turar står i trykksakene som STF gir ut, og me har kunngjort programmet på Hjelmeland kommune si heimeside “kva skjer”. Me har eiga Facebooksida der me informerer om turar, dugnad, og andre nyhende og relevant informasjon. Dette er den viktigaste informasjonskanalen me har. Facebookadresse: www.facebook.com/HjelmelandTurlag, me har snautt 1500 følgjerar av sida. Heimesida vår er: www.stf.no/hjelmelandturlag E-postadresse: hjelmelandturlag@stf.no

Frivilligsentralen:
Utstyrsbanken til Frivilligsentralen er ein ressurs som passar godt i lag med turlaget sine aktivitetar. Fleire kan gjerne bruket dette tilbodet.


Oppsummering turar/arrangement 2020

Årsmøte 28. januar
38 stk møtte på årsmøte. Ombo Turboklubb presenterte seg.

Dugnadstur til Viglesdal 23.-25. april 
Elisabeth m/fam. og Per frå STF med. Få folk pga koronasituasjon. Ved, gass og reine sengeklær blei flydd opp, søppel og skittentøy i retur. Nytt vindu til ny- hytta blei og frakta opp og bytta ut! Den nye hytta blei vaska ut inkl koppar og kar. Det var nokon frivillige på noko utvasking seinare, ca. 1. mai

Lauvåsen – Loftsheia 28. april
Turen avlyst pga korona. Ikkje nokon aktivitetar før etter 1. mai. Elisabeth og Paul skulle vore turleiarar/kjentfolk.


Jøsenfjorden ut – sørsida – Eikelidsvingen via Skomakarnibba til Hjelmelandsvågen 7. juni
Gunnulf turleiar, Jan Dagfinn Viken kjentmann. Svanhild og med frå turlaget. Totalt 7 stk.
Gjekk ikkje frå Tøtlandsvik, bratt, og turdagen var våt så då var her sleipt. Alle starta frå Eikelidsvingen. Skodde og noko regn.


Dukoll – utsett 1 veke til 12. juni
Svanhild steppa og inn og var turleiar for Anne Kari, men Anne Kari var med. Magne Leirflåt kjentmann, Nils Leirflåt og med.
Utanom desse 4 var det 2 stk som var med på turen. Det var 8 påmelde. Dei andre leita etter vegen, feilberekna lengder osv. Blei 6 stk i staden for 12 stk.

Kanodag Breilandsvatnet 14. juni
Siv Iren og Paul kontaktpersonar. Astrid og med. Trong mannskap pga måtte sprite årer og båtriper mm pga korona. Nydeleg dag, sol frå middag og varmt. Røde Kors var med som vakter, hadde eigen båt i tilfelle bergingsoppdrag. Dei ville ikkje ha meir kontakt med folk enn nødvendig pga smittevern. 21 deltakarar + 3 frå Turlaget + 2 frå Røde Kors.

Nonskardheia 28. juni
Gunnulf turleiar, Torbjørn og Kristin Kostøl Helgaland kjentfolk. Enkelte byer, med vind og regn. Elles solgløtt og delvis skya. Ca 17-18 grader. Kjørte opp til Kvamen, etter felles oppmøte Kleivaland. Over Nonskardheia, såg til Storsteinvatnet, via Brunstøl, stopp på Helgaland, via Kløv og Ritland på veg. Totalt 10 stk. Brukte god tid på turen, var seinare tilbake enn planlagt.


Vigestølheia 12. juli
Åstein Mæland kjentmann, Anne Kari turleiar. 13 stk totalt.Det kom regn på starten av turen, så skodde. Såg fjellet me skulle på i starten. Ingen utsikt. Men fin tur i godt lag. Konkluderte med at me vil ha turen igjen i finare ver.

Sankefestival 8. august 

Festival der me feirar det naturen gir oss, i Hjelmelandsvågen.

Kurs og foredrag, torg, kafé, konkurransar og aktivitetar for barn, sløying og grillinga av fisk mm. 1dags festival, ikkje turar, men natursti for barn.

Påmelding og mange restriksjonar og anna tilrettelegging pga korona. Plass til 200 stk x 2 i løpet av dagen. Fullt påmeldt første økt kl 10.00-13.30. Ca. 150 stk andre økt kl 14.00 -17.00.

Mange frivillige, mykje god hjelp frå STF. Det var meldt bra vêr utpå dagen. Kom ausregn frå ca. kl 09. Regn til langt utpå ettermiddagen.


Vågen – Heiakodl t/r 23. august
Svanhild skulle vore turleiar, blei Paul og Jane. Endre Nordbø kjentmann (Åsmund Sirevåg skulle og vore med). Her var litt av og påmelding, til slutt 3 turdeltakarar. Totalt 6 stk på tur.

Opphald morgon, regn når turen starta, skodde når dei var på toppen på Heiakodl, finare seinare på dagen. Uflaks med tidspunkt.


Ryfest (tidl. Norsk Frukt- og Laksefest), avlyst 2020.

 
Dale – Ramsfjell –Indre Eiane 12. september
Svanhild turleiar og kjentmann. Regn og haglbyer, solgløtt, vått. 6 stk inkl. turleiar.

Ytre Eiane – Nesvik 13. september
Svanhild turleiar og kjentmann. 2 stk inkl. Svanhild. Regn og skodd og bekker alle stader.


Ingvaldstadfjellet/Byrkjaheia 15. september
Elisabeth og Paul kjentfolk og turleiarar. 7 stk på tur. Gjekk ikkje til Byrkjaheia. Gjekk til Ingvaldstadfjellet, kode i kodejakta der, vidare nordover og ned til RV13 om lag ved avkjørsla til skytebanen. Solgløtt og periodar med skodde. Fint turver.

Opning av historisk vandrerrute – Nes – Viglesdal – Stakken – Nilsebu- 17. september
Anne Kari, Svanhild og Harald Valheim med på arrangementet på Nes for Turlaget. Hjelmeland kommune arrangør av det på Nes. Elles er vandrerruta og turen og i regi av STF/DNT og Riksantikvaren og Rogaland Fylkeskommune.
50-60 stk på arrangementet på Nes, 25 stk gjekk til Viglesdal for overnatting, 15 av dei gjekk heile ruta til Nilsebu og reiste ut via Lysebotn.

Hausting/Sanking + design frå Hjelmeland 22. september
Arrangement på Spinneriet i hovudsak om industrihistorie med fokus på sanking/hausing og design frå Hjelmeland. Parallellar til nyare design som etikettar på hermetikk på Fister, og etikettar og emballasje på dagens sider og eplesaft. Ryfylkebiblioteket Hjelmeland og Hjelmeland kommune arrangørar. Turlaget v/Svanhild og Anne Kari medarrangør, kan linkast til Sankefestivalen. Totalt 17 personar inkl. arrangørar.


Hagalid – Låtveit 27. september
Njål Hetlelid kjentmann og turleiar. Astrid og med frå Turlaget. Oppmøte i Vågen for evt felles køyring til Hagalid. Fulgte løypa til Skomakarnibba eit stykke, vidare til Låtveit. Retur same veg. Totalt 10 stk på turen. Nydeleg haustver, varmt og fint og nesten stilt.

Lyktetur til Hjelmen 26. oktober 
Gunnulf kjentmann, Svanhild, Siv Iren og Paul med frå Turlaget. 21 stk totalt. Speidaren stod for aktivitetar og varm saft. Nydeleg kveld, delvis skya, litt austavind, mildt (8-9 grader) og til slutt måneskinn. Mange barn som kosa seg.

Turar og arrangement er stort sett både omtala og dokumentert på Hjelmeland Turlag si Facebookside. ​​​​​​​

Annonse