NÅ KAN DU Leige robåt ved Emmaus!

Denne båten kan du no leige til fredelege roturar.
Denne båten kan du no leige til fredelege roturar. Foto: Agnethe Larsen

Båtdeling er for deg som er glad i det kystnære og enkle båtlivet, men som av ulike grunnar ikkje kan, eller ikkje vil, ha eigen båt, eller som vil ha tilgang til båt medan du står på venteliste hos ei båtforening. 


Emmaus båtlag er ein del av Stavanger Turistforenings satsing på kystaktivitetar. Emmaus båtlag tilbyr lettvint og rimeleg tilgang til robåtar med base i eit naust ved Emmaus på Storhaug


Båt blir tinga ved registrering på frilager.no, søk på robåt. 

  • Bruk av båt på halv- eller heildagsbasis.

  • Enkel og sikker båt; primærframdrift er årer.

  • Henting og levering av båt i naust på Storhaug (Emmaus).

  • Robåten er for fire personar og kan ros av to personar samstundes.

  • Leigeprisen er 100 kroner for ein heil dag og 50 kroner for ein halv dag.


Båtdelinga vil vera i drift frå mai til og med oktober.

Dersom du er interessert i å være frivillig i Emmaus båtlag vil vi gjerne høre fra deg. Send en e-post til erik@stf.no

Prosjektet har fått støtte til innkjøp av båtar og utstyr frå Ryfylke friluftsråd, Sparebankstiftelsen SR-Bank og Stavanger kommune.

Annonse