Turtips for dei tøffe: No kan du gå i Lars Monsen sine fotspor

PÅ VILLSPOR I RYFYLKE: Lars Monsen og Mikkel Niva tok med seg seerne på Ryfylke-tur i det populære TV-programmet.
PÅ VILLSPOR I RYFYLKE: Lars Monsen og Mikkel Niva tok med seg seerne på Ryfylke-tur i det populære TV-programmet. Foto: Håvard Jenssen/NRK

Har du lyst til å gå den spektakulære turen som Lars Monsen og Mikkel Niva gjorde på TV? Her er den!

SPOILER ALERT! Ikkje les vidare viss du framleis ikkje har sett første episode av sesong 4 av «Med Monsen på villspor» på NRK. 


Lot du deg begeistra og imponera over Mikkel Niva og Lars Monsen sitt pågangsmot, kondisjon og styrke då dei fekk bryna seg på bratte Ryfylke-fjell i den første episoden av årets sesong? Då er du ikkje åleine! 

Turen tok dei gjennom noko av det villaste og minst tilgjengelege terrenget me har i våre fjellområder: Stutaryggen austanfor Årdal i Hjelmelandsheiane. Som ein flatt egg skjer ryggen seg inn i landskapet, med stupbratte fjellsider på kvar kant. På nordsida ligg Djupadalen og Stutadalen. I sør finn me Tengesdal, ein gammal buplass som verkeleg er ein stad «der ingen skulle tru at nokon kunne bu», fulgt av den nesten heilt uframkommelege Norddalen. 

– Den turen dei gjekk er ei svart løype, skikkeleg krevjande greier, seier Per Henriksen, driftsansvarleg for fjellhyttene i STF. 

Etter at Stutaryggen var passert gjekk turen austover rett forbi to av dei minst besøkte hyttene våre: Grasdalen og Litle Aurådal.

– Grasdalen fekk litt etterlengta kjærleik i fjor, og me har sett opp ein ny dugnad for å fiksa opp hytta enda meir i år. På Litle Aurådal gjorde våre frivillige frå Team Jæren ein kjempeinnsats for å «shina» opp hytta i fjor, seier Henriksen. 

Turen TV-sjåarane fekk følgja gjekk ikkje via den lettaste vegen. Frå Grasdalen sleit dei to pulken opp dei særs bratte bakkane mot Nedra Sprongavatnet, på veg over til den vakre Storådalen. Herfrå gjekk turen vidare austover mot Litle Aurådal over lite besøkte vatn midt i hjarta av Årdalsheiene. 

Då Mikkel og Lars skilde lag fekk Monsen ein tur vidare austover forbi Heibergtunet Storevatn, mens Niva gjekk sørover via Grønaplasstjødnane til dei møttest ved Endefiske. Turen blei avslutta heilt nord på Taumevatnet, nokre få kilometer frå hytta vår med samme namn.  

VAKKERT: Slik så det ut på Litle Aurådal i forrige uke.
VAKKERT: Slik så det ut på Litle Aurådal i forrige uke. Foto: Per Henriksen

Har du lyst til å prøva deg på ein liknande tur? Då finn du heile ruta her

Turen er for dei aller sprekaste og mest fjellvante. Du må kunna navigera utanom sti og ta deg fram i kronglete terreng. Løna for strevet er ei turoppleving av dei sjeldne. Monsen og Niva gjekk turen i midten av april. Då var det is på vatna og føre for å gå store delar av turen på ski. Det er også mogleg å leggja opp til ein sommarekspedisjon for dei som ønskjer å planleggja ein tur bortom allfarveg i sommarferien. Då vil ein sjølvsagt vera nøydd til å leggja turen ved sida av vatna. Eller kanskje du vil prøva deg med packraft? 

For dei som vil ha ein litt mindre ekspedisjonsaktig tur er fellesturen med Hjelmeland turlag eit godt alternativ. 28. august tar turlaget deg med på tur til Himraheia, den vestlegaste delen av Stutaheia. Med den lokale kjentmannen Torbjørn Helgaland som vegvisar får du ein flott rundtur i området, og utsikt mot nokre av dei mest spektakulære og minst kjende delane av Hjelmeland. 

PS! Dette var ikkje første gong Lars Monsen var på villspor i Ryfylke. Sjekk gjerne ut denne episoden frå sesong 1 og sjå om du finn ut kor turen gjekk. 

Annonse

Skrevet av John Petter Nordbø 14. mars 2022