Logo
Til DNT.no forside
John Petter Nordbø og Baijas på stien mellom Bleskestadmoen og Jonstølen i Suldal. Hund på tur.

Her er fem hytte- til hytteturar i Ryfylkeheiane

Frå hytte til hytte på fjellet! Har du prøvd? Her er fem anbefalte hytte- til hytteturar i vårt distrikt.

Publisert: 03. oktober 2023
Skrevet av: John Petter Nordbø
Inspirasjon

Med berre det mest nødvendige i sekken, gjerne i godt selskap og med plenty av tid legg du ut på tur frå hytte til hytte i noko av det finaste me har å by på av natur her i distriktet. 

Trekk inn frisk fjelluft kvar dag og kjenn på kjensla av meistring når du kjem fram til hytta etter ein lang marsj. Kjenn på gleda av å finna pannekakemiks i proviantlageret, og nyt solnedgangen i hytteveggen. Legg hovudet på puta, lukk auga og tenk på morgondagens etappe.

Høyrest det freistande ut?

Velkommen på tur i Ryfylkeheiane! 

1. Bakken gard - Sundmorkvatn

Ein overkommeleg tur for ei helg, og ein særs variert tur langs Lysefjorden. Turen kan du ta på fleire måtar, men ein flott måte å gjera det på er å setta frå deg ein sykkel ved Helmikstøl på vegen over Lyngsheia. Herfrå køyrer du ned til Songesand, der du parkerer bilen og går til Bakken gard. Denne turen er ikke lang, men relativt krevjande der stien tar deg heilt i sjøkanten langs verdas vakraste fjord. I bakken på veg opp til fjellgarden tar du deg tid til å studera nokre eldgamle eiker, som er fulle av liv. Historia og vibben på Bakken gard er ei oppleving i seg sjølv, og turen gjennom Skurvedalen til Sundmorkvatn turisthytte er noko av det villaste og flottaste me har i vårt område. Hugs å bestilla overnatting på Sundmorkvatn, si dette er ei utleigehytte. Den siste dagen tar deg gjennom snaufjell og skrinn fjellbjørkeskog forbi ei rekkje vatn, før du finn sykkelen din ved vegen og renn ned til start ved Songesand igjen. 

Dag 1. Songesand - Bakken gard, 2.5 km
Dag 2. Bakken gard - Sundmorkvatn, 5,5 km
Dag 3. Sundmorkvatn - Songesandsvegen, 7 km

Opplev Lysefjordens nordside

2. Langavatn - Blåfjellenden - Sandvatn - Langavatn

Har du ei ledig langhelg, og vil opp i skikkeleg høgfjellsterreng utan for lange etappar, så er dette eit godt val. Frå parkeringsplassen ved enden av stikkvegen opp frå Lysevegen er det ein kort tur inn til Langavatn. Denne turen er kort nok til å rekkja ein fredag etter jobb. Det er også mogleg å gå forbi Langavatn utan å overnatta anten i retning Blåfjellenden eller Sandvatn. Det er uansett nok av opplevingar å få med seg undervegs, så det er verdt å få med seg alle hyttene viss du har tid. Frå Sandvatn kan du til dømes sjekka ut Mohidler, ein imponerande hidler der opp til 10-12 personar kunne overnatta i gamle dagar. 

Dag 1. Lyseveien – Akslaråtjørn – Langavatn, 3,5 km 
Dag 2. Langavatn – Blåfjellenden, 9,6 km  
Dag 3. Blåfjellenden – Sandvatn, 9,4 km 
Dag 4. Sandvatn – Langavatn – Lyseveien, 12,1 km 

Inn i Frafjordheiane landskapsvernområde

3. Svartevassmagasinet rundt

Dette er ein variert og storslått tur med utgangspunkt frå Ådneram. Alle etappane er på 5-7 timar, og du følgjer merka sti heile ruta, mange stadar i kupert terreng. Høgdepunktet, bokstaveleg talt, er turen over Auråhorten på nesten 1300 meter over havet. Undervegs får du med deg fleire av dei minst besøkte hyttene våre, og du vandrar i villreinen sitt rike. Kanskje er du heldig og får eit glimt av fjellnomaden? Hugs å halda god avstand viss du skulle ha hellet med deg og møta reinen.  

Du kan forlengja turen ved å gå frå Storsteinen til Eidavatn og Nilsebu, eventuelt frå Litle Aurådal til Nilsebu og vidare til Grautheller.  

Dag 1 Ådneram – TaumevatnHeibergtunet Storevatn, 19,4 km  
Dag 2. Heibergtunet Storevatn  – Kringlevatn, 11,6 km
Dag 3. Kringlevatn – Storsteinen, 13,1 km
Dag 4. Storsteinen – Litle Aurådal, 14,5 km
Dag 5. Litle-Aurådal – Grautheller, 18,1 km
Dag 6. Grautheller – Ådneram, 16 km

Langtur i Sirdalsheiane

4. Hjelmelandsheiane rundt

Viglesdalen, Stakken, Grasdalen, Melands Grønahei. Her får du med deg noko av det aller finaste Hjelmelandsheiane har å varta opp med for ein fjellfant! Bratte og frodige dalar, opne steineheier og luftig utsikt – denne turen inneheld alt. Den følgjer også delvis den Historiske vandreruta: Driftavegen gjennom Viglesdalen, der du kan oppleva hellarar, 7000 år gamle buplassar og dyregraver brukt av steinaldermenneske til å jakta reinsdyr. Det er fleire alternativ viss du vil ha ein lengre tur også her, ved å leggja turen via Nilsebu og Eidavatn i tillegg. 

Turen krev planlegging av transport, anten ved å setja igjen ein ekstra bil eller avtala drosjekøyring. 

Dag 1. Nes - Viglesdalen, 7 km 
Dag 2. Viglesdalen - Stakken, 9 km
Dag 3. Stakken– Grasdalen, 9,5 km 
Dag 4. Grasdalen – stidelet mot EidavatnMelands Grønahei, 9,3 km 
Dag 5. Melands Grønahei – Kleivaland, 10,8 km

Hytter i Hjelmelandsheiane

5. Bleskestadmoen - Jonstølen - Stranddalen

Perfekt tur for ei langhelg, med ein deilig avslutning på sjølvaste perla i Ryfylkeheiane! Undervegs opplever du Suldal på sitt aller beste. Denne turen har alt: frodige daler, stølslandskap, karrig høyfjellslandskap og snødekte toppar. Undervegs passerer du tre heilt ulike hytteperler. Bleskestadmoen ligg på ein vakker stølsvoll og er foreninga si aller eldste hytte. Her er det lett å finna ro i sjela. Vidare kjem du til den moderne sjølvbetjeningshytta Jonstølen, før du avslutter med nøktern fjell-luksus på Stranddalen. Her treng du ein transportplan for å gjennomføra turen, anten å setja igjen ein bil i Kvilldal på veg til Bleskestad, eller avtala køyring med lokal drosje. 

Dag 1. Bleskestad - Bleskestadmoen, 5,1 km
Dag 2. Bleskestadmoen - Jonstølen, 12,4 km
Dag 3. Jonstølen - Stranddalen, 19,7 km
Dag 4. Stranddalen - Kjetilstadlia, 6 km 

Suldalsheiane på ei langhelg

Med buss og båt til fjells

Trenger du hjelp til å planlegge reisen til fjells? Her finner du informasjon om kollektivtilbud, båtruter og taxi i våre områder.

Trykk her for å se mer!
Trykk her for å se mer!
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bilder fra 7-nutsturen 2022, fra Dale til Gramstad over sju topper. Frivillig, dugnad, drikkestasjon på Gramstad.
Bli frivillig
Bli medlem
Stranddalen turisthytte sommeren 2022.
Bli medlem