Langtur i sommar? Her er sju turar du berre må oppleva ein gong i livet

FINT LIV: Lukka er lunsjpause midt i ein lang marsj på snaufjellet.
FINT LIV: Lukka er lunsjpause midt i ein lang marsj på snaufjellet. Foto: Birk Gjerdrum Vatland

Det skjer noko når turen varer lengre enn ei helg. Har du kjent på roen av å vera opp til ei veke på tur? Her er sju langturar frå fire til sju dagar du må oppleva ein gong i livet. 

Ei heil veke på fjellet! Har du prøvd?

Med berre det mest nødvendige i sekken, gjerne i godt selskap og med plenty av tid legg du ut på tur frå hytte til hytte i noko av det finaste me har å by på av natur her i distriktet. 

Trekk inn frisk fjelluft kvar dag og kjenn på kjensla av meistring når du kjem fram til hytta etter ein lang marsj. Kjenn på gleda av å finna pannekakemiks i proviantlageret, og nyt solnedgangen i hytteveggen. Legg hovudet på puta, lukk auga og tenk på morgondagens etappe.

Høyrest det freistande ut?

Her er turtipsa som sikrar at ferien verkeleg blir eit steg til sides frå kvardagen, for det skjer noko når telefonen er utanfor dekning og turen varer lengre enn ei helg. Prøv sjølv!

Velkommen på langtur i Ryfylkeheiene! 

FLØRLI – BLÅFJELLENDEN – LANGAVATN – KJERAG – LYSEBOTN

VERDAS LENGSTE: Flørlitrappene er ein av dei obligatoriske attraksjonane i Lysefjorden. Med 4444 trinn er det verdas lengste tretrapp.
VERDAS LENGSTE: Flørlitrappene er ein av dei obligatoriske attraksjonane i Lysefjorden. Med 4444 trinn er det verdas lengste tretrapp. Foto: Birk Gjerdrum Vatland

Med bil eller buss til Lauvvik eller Forsand har du rutebåt på Lysefjorden som utgangspunkt for fleire av høgdepunkta i fjorden, og med flotte dagsetappar i høgfjellsterreng på kjøpet! Hugs å sjekka rutetidene nøye. Det går hurtigbåt på fjorden alle dagar utanom laurdag. Turistferja går kvar dag frå 20. mai og ut august. Viss du tar ein tidleg båt er du på Flørli før gjestane på turisthytta er ferdig med frukosten, og kan starta direkte på turen opp trappene. Frå Flørli kan du velja å starta med alle dei 4444 trappetrinna, eller ta det meir pynteleg via stølsvegen til Flørlistølen. Frå Langavatn tar du bakvegen til Kjerag, og følgjer hovudstien vidare til Øygardsstøl. Herifrå kan du vera heldig å få buss til Lysefjorden turisthytte, eller prøva lukka på parkeringsplassen og få skyss ned til fjorden. I Lysebotn er det lurt å overnatta og nyta ein betre middag på Lysefjorden Turisthytte, så du slepp å stressa for å rekkja båten ut fjorden samme dag. 


LANGAVATN – BLÅFJELLENDEN – SANDVATN – LANGAVATN

DINNER WITH A VIEW: Frå kjøkenbordet på hytta i Blåfjellenden har du mektig utsikt nedover Fidjadalen, ein av dei villaste og vakraste dalane me har i distriktet.
DINNER WITH A VIEW: Frå kjøkenbordet på hytta i Blåfjellenden har du mektig utsikt nedover Fidjadalen, ein av dei villaste og vakraste dalane me har i distriktet. Foto: Odd Inge Worsøe

Har du ei ledig langhelg, og vil opp i skikkeleg høgfjellsterreng utan for lange etappar, så er dette eit godt val. Frå parkeringsplassen ved enden av stikkvegen opp frå Lysevegen er det ein kort tur inn til Langavatn. Denne turen er kort nok til å rekkja ein fredag etter jobb. Det er også mogleg å gå forbi Langavatn utan å overnatta anten i retning Blåfjellenden eller Sandvatn. Det er uansett nok av opplevingar å få med seg undervegs, så det er verdt å få med seg alle hyttene viss du har tid. Frå Sandvatn kan du til dømes sjekka ut Mohidler, ein imponerande hidler der opp til 10-12 personar kunne overnatta i gamle dagar. 

SVARTEVASSMAGASINET RUNDT 


UKJENT PERLE: Utanom dei mest erfarne fjellfantane er det få som har høyrt om Litle Aurådal. Fjellhytta er blant hyttene som ligg lengst unna nærmaste veg, og er vel verdt eit besøk.
UKJENT PERLE: Utanom dei mest erfarne fjellfantane er det få som har høyrt om Litle Aurådal. Fjellhytta er blant hyttene som ligg lengst unna nærmaste veg, og er vel verdt eit besøk. Foto: Kevin Molstad, Jonas Olsvik

Dette er ein variert og storslått tur med utgangspunkt frå Ådneram. Alle etappane er på 5-7 timar, og du følgjer merka sti heile ruta, mange stadar i kupert terreng. Høgdepunktet, bokstaveleg talt, er turen over Auråhorten på nesten 1300 meter over havet. Undervegs får du med deg fleire av dei minst besøkte hyttene våre, og du vandrar i villreinen sitt rike. Kanskje er du heldig og får eit glimt av fjellnomaden? Hugs å halda god avstand viss du skulle ha hellet med deg og møta reinen.  

Du kan forlengja turen ved å gå frå Storsteinen til Eidavatn og Nilsebu, eventuelt frå Litle Aurådal til Nilsebu og vidare til Grautheller. Me må gjera merksam på at Nilsebu diverre er stengt for renovering heile sommarsesongen 2021. 

BLÅSJØ RUNDT 

VIDSYN: Blåsjø ligg midt i hjarta av Ryfylke-snaufjellet. Denne utsikten er frå området ved Vassdalstjørn.
VIDSYN: Blåsjø ligg midt i hjarta av Ryfylke-snaufjellet. Denne utsikten er frå området ved Vassdalstjørn. Foto: John Petter Nordbø

På denne turen cruiser du rundt i Ryfylkeheiene sitt mest storslåtte landskap, for det meste omkring 1000 meter over havet, knapt nok utan eit einaste bjørkekratt i sikte. Du får vidsyn i mange retningar, mens Suldals-toppane Napen, Såta og Snønuten ser ned på deg frå ulike vinklar mens du tar turen rundt det gigantiske vassmagasinet. 

For å få logistikken til å gå opp er det lurt å setja igjen sykkel eller ein bil på Øvre Moen, før ein køyrer til Førrevassdammen og startar på første etappe. Etter siste overnatting hjå storbonde John Anton på Stranddalen er du mett og nøgd, og klar for siste innspurt. Då er det berre å plukka opp igjen bil eller sykkel på Øvre Moen og komma seg tilbake til startplassen ved Førrevassdammen. Hugs lykt til sykkelturen, det er mørkt i tunnelen undervegs. 

Du kan gjera turen kortare ved å slå saman eit par etappar. Øst for Blåsjø ligg hyttene tett, og viss formen er fin og turen er det greitt for mange å hoppa over ei av hyttene. 

HJELMELANDSHEIENE RUNDT 

STØL: Området rundt Melands Grønahei byr på noko av det finaste me har av turopplevingar. Her frå Stropastølen.
STØL: Området rundt Melands Grønahei byr på noko av det finaste me har av turopplevingar. Her frå Stropastølen. Foto: John Petter Nordbø

Trodla-Tysdal, Stakken, Grasdalen, Melands Grønahei. Her får du med deg noko av det aller finaste Hjelmelandsheiane har å varta opp med for ein fjellfant! Bratte og frodige dalar, opne steineheier og luftig utsikt – denne turen inneheld alt. Etappane er ikkje så lange, men turen opp frå Trodla-Tysdal er den brattaste T-merka ruta i Ryfylkeheiene, så den er ikkje for dei skvetne. Trodla-Tysdal er ei privat driven turisthytte på ein veglaus gard i full drift, ei oppleving i seg sjølv. «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» har sjølvsagt vore på besøk her. Hugs å tinga overnatting i forkant. 

Frå Trodla-Tysdal til Stakken kan du gå merka løype til du kjem til krysset mot Viglesdalen, men dette er ein ganske lang omveg der du tapar mykje høgde. Som alternativ kan du gå utanom merka sti, her er det fleire moglegheiter. Det enklaste er å følgja stien mot Viglesdalen til like før det går bratt ned mot Viglesdalen, deretter på umerka sti austover til du treff merka løypa i Steggjadalen. 

Du kan også starta turen i Viglesdalen viss du har transportmoglegheiter. Vil du ha ein lengre tur kan du frå Stakken ta turen om Nilsebu (stengt i 2021) og Eidavatn.

SignaTUR: RYGER – RYFYLKEHEIENE PÅ LANGS

LANGTUR: Ryger tar deg med gjennom store deler av hyttenettverket til STF. Her frå Krossvatn.
LANGTUR: Ryger tar deg med gjennom store deler av hyttenettverket til STF. Her frå Krossvatn. Foto: Odd Inge Worsøe

Frå Haukeliseter i nord til Kvitlen i sør. Ryger er eit 215 kilometer langt fjelleventyr! 

Turen kan sjølvsagt delast opp i kortare etappar, men den beste kjensla får du definitivt av å gjera alt på ein gong. Dette er ei unik vandring frå hytte til hytte, ei danningsreise frå høgfjell til fjord. 

Ryger er ein av DNT sine SignaTURar. Dette er blant dei ypperste langturane i landet. Det er nøye utvalde og kvalitetssikra turar. 

Ryger kjem frå namnet på ei folkegruppe i folkevandringstida og vikingtida i Noreg. Rygane var folket på det sørlege Vestlandet, omtrent det som i dag er Rogaland. Det er Rygane som har gitt namn til Rogaland. 

Her kan du lesa meir om Ryger og få full oversikt over etappar, hytter, logistikk og anna du måtte lure på. 

SignaTUR: LYSEFJORDEN RUNDT

IKONISK: Lysefjorden er det mest kjende turområdet i distriktet, og byr på verdskjende attraksjonar. Langs heile den over fire mil lange fjorden ligg det friluftsopplevingar og ventar på deg.
IKONISK: Lysefjorden er det mest kjende turområdet i distriktet, og byr på verdskjende attraksjonar. Langs heile den over fire mil lange fjorden ligg det friluftsopplevingar og ventar på deg. Foto: Odd Inge Worsøe

For mange lokale friluftsfolk er Lysefjorden ei heilag gral. Her er opplevingar i verdsklasse både ved, over og i fjorden. Mange har vore på Preikestolen, Kjerag eller gått dei 4444 trappene i Flørli. Men det å gå heile fjorden i eitt er noko spesielt. Då får du med deg kor utruleg gjennomført vakker, heilskapleg og variert fjorden er. Undervegs kan du sjølv velja kva slags avstikkarar du vil ta, og om du vil hengja på turistane til verdsikonene, eller om du vil finna din egen veg der få andre går. Det er så mange alternativ at dei fleste som går Lysefjorden rundt finn sin egen, unike variant. 

Ein ting er i alle fall sikkert. Du blir ikkje skuffa! 

Her kan du lesa alt om Lysefjorden rundt. På denne sida finn du masse informasjon om transport og logistikk. 

Annonse

Skrevet av John Petter Nordbø 8. juni 2021