Stranddalshytta er gravd ut av snøen

Trond Nærheim freste vekk 5 meter høy snø for å komme ned til dører og vinduer på Stranddalen.
Trond Nærheim freste vekk 5 meter høy snø for å komme ned til dører og vinduer på Stranddalen. Foto: Kristian Nærheim, Nærheim Service AS

For første gong har Stavanger Turistforening brukt snøfresar for å få gravd ut ei fjellhytte. Stranddalshytta er klar for påskeinnrykk, etter å ha blitt stengt før i vinter på grunn av dei enorme snømengdene.

Stranddalshytta er sjølvbetjent utanom sommarsesongen, og ligg 7 km og ca 3 timar å gå på ski frå Saurdal i Suldal.

Heile 5 meter høg snø måtte fresast vekk før Trond Nærheim frå Nærheim Service AS kom ned til inngangsdøra til sjølvbetjeningshytta på Stranddalen. Også hovudhytta er frest ut frå snømassane, og det er i tillegg sikra nødutgangar. Til saman 142 kubikkmeter snø er fjerna for å komma ned til dører og vindauge på hyttene.

Opnar til helga 

Dermed er det plass til minst 20 personar når Stranddalshytta opnar for publikum 20. mars. Den tredje og nyaste hytta i tunet vil bli gravd ut for hand i løpet av påsken, opplyser driftssjef Per Henriksen i Stavanger Turistforening. Det vil gje plass til ytterlegare 30 personar. Her må du altså ha med mat og koka sjølv om vinteren.

Per Henriksen har vore tilsynsvakt på Stranddalen i 14 påskehelgar, og har aldri tidlegare opplevd så store snømengder i fjellet her. Berre pipa stakk opp av snøen då han tok bilde av hyttetunet frå eit småfly tidlegare i vinter.

- Dei snakkar om at det var mykje snø i fjellet i 1962, men er er i alle fall like mykje snø på Stranddalen nå, meiner Henriksen.

Hald inngangene opne!

Han seier Stranddalen-hytta i vinter er utsett for ei enormt stor påkjenning, spesielt på takutstikk og vindskier. 

- Men hytta er konstruert og bygd for å tåla store snømengder, seier Henriksen. 

Han oppfordrar skituristar til å halda ved like inngangar til hyttene som er gravd ut og nødutgangar. Framover blir det laussnø som legg seg her, som er lettare å fjerna.

Snøen er frest vekk fra innganger og vinduer på Stranddalshytta, som åpner igjen 20. mars.
Snøen er frest vekk fra innganger og vinduer på Stranddalshytta, som åpner igjen 20. mars. Foto: Kristian Nærheim, Nærheim Service AS
Her freser Trond Nærheim seg ned til inngangsdøra til den sjølvbetjente hytta (annekset).
Her freser Trond Nærheim seg ned til inngangsdøra til den sjølvbetjente hytta (annekset). Foto: Kristian Nærheim, Nærheim Service AS
Flyfoto frå Stranddalen 3. februar 2015
Flyfoto frå Stranddalen 3. februar 2015 Foto: Per Henriksen

Annonse

Skrevet av Turid Furdal 17. mars 2015