Du skal vel #gåvember du óg?

Tilsette frå DNT er klare for å gå i november. Er du?
Tilsette frå DNT er klare for å gå i november. Er du? Foto: Elin Hansson
Bli med oss og gå til jobben i vår aksjon #gåvember. Bli gladare og sprekare!    

November er kald, mørk, våt og grå. Det kan vera freistande for mange å halda seg mest mogeleg inne. Det vil DNT sin medlemsforeining DNT Oslo og Omegn gjera noko med. Istaden for å bli nedtrykt av korte dagar og gråvèr, vil dei ha flest mogeleg av oss til å ta beina fatt til eller frå jobb i november. #gåvember er namnet på aksjonen. Fordelane er mange : Frisk luft, mosjon og overskot. Ein vert gladare og friskare!

Liten innsats - stor gevinst

Undersøkjingar viser at fysisk aktivitet i naturen og nærmiljøet er den forma for aktivitet flest ynskjer å gjera meir av. Sjølv korte turar gjev godt mentalt påfyll og ei betre helse.

Dersom du ikkje kan gå heile vegen, hopp av eit stopp før - eller to. Få med deg ein kollega, ein nabo, eller ti. Og dersom du ikkje kan gå til jobben, er det mogeleg å ta ein tur i lunsjen.

Går du? Vis det. Og vinn!

Korleis ser du ut på veg til jobb? Korleis er vèret på veg til jobb? Får du fylgje av ein nydeleg soloppgang, regnar det sidelengs eller bles du nesten overende? Del bilete av din tur på Instagram eller DNT Oslo og Omegn si Facebook-side merka med #gåvember. Då er du er med i konkurransen om eit gåvekort på sko fra Viking. Me trekk vinnarar kvar fredag i heile november.

Slå fylgje med ein turleiar på mandag

Mandag brakar det laus. I Oslo arrangerer me fire fellesturar/morgonturar med turleiarar frå DNT. Turen går 08.00 frå desse stadene:

- Majorstua stasjon

- Nydalen t-banestasjon

- Skøyen stasjon

- Tøyen t-banestasjon

For deg som ikkje bur i Oslo, utfordrar me deg til invitera med deg ein kollega, familiemedlem eller ven- og starta den fyrste kvardagen i november med ein gåtur. Hugs å ta bilete og merk det med -

#GÅVEMBER!

Nyskjerrig? Les meir på DNT Oslo og Omegn sine sider: 

http://www.dntoslo.no/article.php?ar_id=44773&fo_id=21

Annonse

Skrevet av Trine Djuvik Haaland 4. november 2014