Stor oversikt: Desse hyttene er ledige i jula

JULESTEMNING: Gløgg, levande lys og gode vener i spisestova på Bakken gard.
JULESTEMNING: Gløgg, levande lys og gode vener i spisestova på Bakken gard. Foto: John Petter Nordbø

På turisthyttene finn du julefreden du ønskjer deg. Her får du full oversikt over hyttene som er ledige i jula, og korleis du kjem deg dit. 

Det handlar om å krølla seg saman framfor ein gloheit Jøtul 602-ovn, mens det deilige desembermørkret senkar seg utanfor. Det handlar om å skru av telefonen og kobla av frå kvardagen. Og det handlar om å vera saman med nokon du set pris på. I naturen er desember nedetid: planter, fuglar, dyr og insekt kviler og bruker minimalt med energi. Drar du til fjells på denne tida av året, er det akkurat det det dreier seg om: å ta det roleg og senka ambisjonane, la det vesle dagslyset styra dagane og bare vera. 

Me har laga ei oversikt over hyttene våre, og kor det er ledig i jula. Oversikten er oppdatert 10. desember. Hugs at du må bestilla seng på førehand. Av omsyn til smittevern har me også redusert talet på senger som er tilgjengelege. Her kan du lesa om kva slags reglar som gjeld no. 

For deg som vil til ei lett tilgjengeleg hytte

Her finn du hyttene som ligger nært veg, og som det er enkelt å komma til sjølv om det er midt på den mørkaste vinteren. Med andre ord: kort veg til herlegheita. Her er det både fjord, fjell og hav på menyen. 

BLÅTIME: Bakken gard ein tidleg desemberkveld.
BLÅTIME: Bakken gard ein tidleg desemberkveld. Foto: John Petter Nordbø

Bakken gard

Bakken ligg ikkje høgare enn 180 meter over havet, men der den ligg trygt til i le for store fjell langt inni fjorden, er det likevel rett å kalla det gamle bruket ein fjellgard. Viss du tar båten inn Lysefjorden er det ein halvtimes tur i bratt, men ganske greitt terreng. Fins det noko betre enn å la julefreden senka seg i den gamle stova til Johannes og Gjertrud Bakken, og fyra i den over hundre år gamle etasjeomnen, mens pinnekjøttet lagar seg sjølv på kjøkenet? Bakken gard har masse ledig heile jula, inkludert julafta og nyttårsafta. 

FJØLØY: Ei batteridriven lyslenke aukar julestemninga. Frå hytta har du panoramautsikt mot Stavanger.
FJØLØY: Ei batteridriven lyslenke aukar julestemninga. Frå hytta har du panoramautsikt mot Stavanger. Foto: John Petter Nordbø

Fjøløy

På det høgaste punktet på ei øy heilt i havgapet ligg den vesle turisthytta. Den blei bygd under krigen, og her sat tyske soldatar for å halda utkikk over innseglinga til Stavanger. Når desemberkulingen hyler i veggane, og vintermørkret omfamnar hytta, er det fint å sitja inne med tente lys og fyr i omnen. Fjøløy er ein sånn stad som er fin å vera uansett vær, og når vinden kjem vestfrå har den fått fart heilt frå England. Turen frå parkeringa er 1,1 km lang og går på ganske fin grusveg. Hytta har ein del ledig i jula, mellom anna på sjølve julafta. Fjøløy er utleigehytte, så den får du for deg sjølv. 

VEGLAUS GREND: Flørli-bygda ein iskald vinterdag.
VEGLAUS GREND: Flørli-bygda ein iskald vinterdag. Foto: John Petter Nordbø

Flørli Turiststasjon ​​​​​​​

Ei veglaus bygd i verdas vakraste fjord. Ein stad «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Der kan du bu i jula! Turisthytta ligg øvst i bygda, ca. 20 minutt å gå på grusveg frå kaien. Her er det både leikerom, sprinkelseng og barnestol, så stort enklare for barnefamiliar blir det ikkje. Har du sett fjorden i blåtimen ein sein ettermiddag vinterstid? Ikkje det nei, då er det kanskje på tide? 

Flørlistølen 

Flørlistølen er veslebroren til turiststasjonen i samme bygd. Eit stykke oppi bakken, lunt mellom staute furulegger ligg ei lita raudmalt stove. Her er alt du treng for å føla deg rik: ein enkel kjøkenkrok, omn og massevis av ved, ei god seng og ein avslappande stol å sitja i. Flørlistølen er utleigehytte med spesialnøkkel, og er ledig i romjula og på nyttårsafta. 

PAUSE: Turen treng ikkje vera lang på denne tida av året. Haukeliseter ligg midt i smørauget, 1000 meter over havet. Kanskje er du heldig og får nyta sola midt på dagen?
PAUSE: Turen treng ikkje vera lang på denne tida av året. Haukeliseter ligg midt i smørauget, 1000 meter over havet. Kanskje er du heldig og får nyta sola midt på dagen? Foto: Marthe Trondsen

Haukeliseter fjellstue

Sjølvaste storstova på fjellet ligg rett ved europavegen, og er enkel å komma til vinterstid. Jula på Haukeliseter er det mange som er glade i, så her er det allereie godt med bestillingar. Ta kontakt med resepsjonen, så kan du sikra deg ei seng i romjula du også. 

GOD PLASS: Det er enkelt å trivast i den koselege stova i gardshuset på Gaudland.
GOD PLASS: Det er enkelt å trivast i den koselege stova i gardshuset på Gaudland. Foto: John Petter Nordbø

Gaudland

Gaudland er eit lett tilgjengeleg, nedlagt småbruk i Dalane. Sjølv om det er bilveg nesten heilt fram er det langt til nærmaste nabo. Her er det både innlagt vatn og straum, noko som gjer kokkeleringa av julematen til ein leik. Det er allereie ein god del bestillingar på Gaudland i jula, så det gjeld å vera rask viss du skal sikra deg ei natt. Så langt er det nokre ledige dagar i romjula. Gaudland er også utleigehytte. 

VINTERLEG: Det er ikkje kvardagskost med julesnø og islagt fjord på Nodhagen, men kanskje du er heldig i år?
VINTERLEG: Det er ikkje kvardagskost med julesnø og islagt fjord på Nodhagen, men kanskje du er heldig i år? Foto: Agnethe Larsen

Nodhagen

Skjergardsparadis midt i jula, seier du? Ja, så klart! Sjeldan er fjorden klårare og lyset vakrare enn midt på vinteren. Badinga kan du overlata til dei tøffaste. Inne i hytta er det godt og varmt uansett. Nodhagen ligg på Bersagel, ein fin sykkeltur frå Sandnes sentrum. Nodhagen er seniorhytta vår, og ein flott stad å samla fleire generasjonar. Denne utleigehytta er allereie booka julafta og nyttårsafta, men er framleis ledig i romjula. 

Songedalen fjellgard

Kanskje den kulaste utedoen i hytte-Ryfylke? Her kan du sitja på ei trone. Songedalen fjellgard ligg i ein parallelldal med Lysefjorden. Her går det grusveg heilt fram til hytta, så turen inn fikser du på 1-2-3. Frå gamalt av blei Songedalen rekna som ein stor gard, og det har vore busetnad her i lange tider. I dag finn du ei tradisjonell hytte med atmosfære. Førebels er det ingen som har bestilt overnatting på Songedalen i desember, så her har du alle moglegheiter til å vera for deg sjølv. 


Ådneram anneks og Ådneram turisthytte

Ådneram er sjølvaste storstova i Sirdal, og ligg lett tilgjengeleg like ved skitrekket på Ådneram. Hovudhytta har heile 56 sengeplassar. Eit kort snøballkast unna ligg annekset, som fungerer som ei ubetent turisthytte med både straum og vatn. Det er ein god del bestillingar i annekset i jula, men framleis noko ledig. For hovudhytta er det opptatt på nyttårsafta, elles er det ledig. 

For deg som vil på ein litt lengre tur

Her er hyttene som krev litt innsats å komma til. Nokre av dei er relativt enkle, mens andre krev at du har god erfaring med vinterfjellet. Hugs at tilhøva skifter fort på denne tida av året. Nokre av hyttene som er tilgjengelege til fots i dag, kan vera heilt nedsnødd i morgon. Ingen av hyttene blir kvista til før utpå nyåret, så her må du finna fram sjølv. Me anbefaler å lesa vår oppdaterte føremelding før du drar på tur. Tursenteret kan også gje verdifulle tips og råd. 

VINTER: Blåfjellenden er eit triveleg tun med to hytter. I den eine er det også hunderom.
VINTER: Blåfjellenden er eit triveleg tun med to hytter. I den eine er det også hunderom. Foto: Torkel Berland Reinertsen

Blåfjellenden

På eit utkikkspunkt øvst i Fidjadalen ligg Blåfjellenden. Skituren inn frå Hunnedalen er snaut 8 km lang. Dette gjer at hytta er eit populært turmål seinare på vinteren. Kjem du tidleg på vinteren må du vera budd på litt meir krevjande høve. Løna for strevet er å få panoramautsikta frå stovekroken heilt for deg sjølv. 

Grautheller og Heiberghytta Grautheller

Grautheller er ein klassikar tidleg på sesongen. Frå Ådneram går store deler av turen inn langs anleggsvegen i Flatstøldalen. Så sant det ikkje er brøytt, trengs det ikkje mykje snø før ein kan gå på ski langs den vegen. Viss isen på Grauthellervatnet ikkje er trygg, må du gå langs land og kryssa elva like ved hyttene. Heldigvis er det kort veg til hyttene etter elvekryssinga. Heiberghytta Grautheller er ei lita sjarmbombe der jakthistoria heng tjukt i veggane. Den er ei utleigehytte, og er ledig i romjula og på nyttårsafta. Hovudhytta er ei sjølvbetent hytte med matlager, og har førebels ingen bestillingar i jula. 

Jonstølen.
Jonstølen. Foto: Vidar Tøge

Jonstølen

Thomas Alsgaard var gjest i DNT sin podkast «Utestemmer», trekte han fram Jonstølen som sin favoritt blant dei 550 DNT-hyttene i landet. Det er han ikkje åleine om! Jonstølen er staden der moderne og praktisk arkitektur møter den heimekoselege og lune turisthytte-stilen. Vinterstid er det ikkje brøytt heilt opp til Mosvatnet, det betyr at du må gå frå Indre Vetrhus i staden. Det gir ein relativt enkel skitur på ei dryg mil. Hytta har mykje ledig i jula. 

SKIFØRE: Skiturar til Kvitlen er ikkje kvardagskost i desember. Ein del år er det barmarkshøve til jul.
SKIFØRE: Skiturar til Kvitlen er ikkje kvardagskost i desember. Ein del år er det barmarkshøve til jul. Foto: Preben Falck

Kvitlen

Kvitlen er ei av våre mest populære hytter. Den ligg vakkert til ved elva i den ville Kvitladalen, midt i eit av dei flottaste turområda i Rogaland. Kvitlen ligg berre 423 meter over havet. Det gjer at den ofte kan vera tilgjengeleg til fots både lengre ut på hausten og tidlegare på våren enn andre hytter. Den er sjølvsagt også mogleg å nå på ski på gode snøvintrar. Kvitlen har mykje ledig framover.

Sandvatn

Ingen hytter har eit ivrigare fadderlag enn Sandvatn. Her får du ofte heilt fersk informasjon om tilhøva frå Sandvatnhyttas venner. Det kjem godt med på denne tida av året. Sandvatn er ei av dei mest snøsikre hyttene våre, i alle fall av dei som ligg nærmast byen. Her kjem du inn på ski tidleg på sesongen. Hugs å vera forsiktig på vatna, sjølv om det er snø er det ikkje sikkert at isen er trygg. Sandvatn har mykje ledig i jula. 

Skåpet og gamle Skåpet

Skåpet har vore Norges mest populære sjølv- og ubetente turisthytte dei siste åra. Spektakulær arkitektur og gjennomtenkte løysingar, samt ganske lett tilkomst gjer at mange drøymer om ein tur til Skåpet. Det er framleis noko ledig kapasitet i jula, så her er det berre å vera rask. Gamlehytta ligg ein liten kilometer ovanfor det nye hyttetunet, og er ei raud, lita koie akkurat så koseleg som du trur. Gamlehytta er ei utleigehytte, og er ledig heile jula. 

SNØVER: Taumevatn er gjerne innfallsporten for lengre turar inn i heiene seinare på vinteren.
SNØVER: Taumevatn er gjerne innfallsporten for lengre turar inn i heiene seinare på vinteren. Foto: John Petter Nordbø

Taumevatn

Ei av dei greiaste vinterhyttene å komma seg til tidleg i skisesongen. Turen frå Ådneram er rundt 13 km lang, men ein heil del av dette går langs anleggsvegen inn Flatstøldalen. Taumevatn er ei favoritthytte for mange, der den ligg ved Taumevassdraget, det einaste uregulerte vassdraget i Sirdalsheiane. Her er det mykje ledig i jula. 

GOD GJENG: Flott skiføre på Tomannsbu. Hytta har rikeleg med sengeplassar.
GOD GJENG: Flott skiføre på Tomannsbu. Hytta har rikeleg med sengeplassar. Foto: Siw Norheim

Tomannsbu

Denne hytta høyrer også til dei «tidlege» vinterhyttene våre. Ofte går det losturar hit i januar eller februar. Frå Tveitebrekka i Hunnedalen er det ein skitur på 7,1 km inn til hytta. Her er det eige hunderom i annekset. Tomannsbu har mykje ledig i tida som kjem.

NYHEIT: Den nyaste hytta i Viglesdalen opna i 2019.
NYHEIT: Den nyaste hytta i Viglesdalen opna i 2019. Foto: Amy Mir

Viglesdalen

Turistforeningen og Viglesdalen går langt tilbake i tid. Faktisk er det godt over hundre år si dei første fjellturistane gjekk gjennom den mektige dalen. I 2022 er det hundre år si den første turisthytta opna i Viglesdalen! I dag kan du velja mellom fleire generasjonar hytter i dalen. Har du vore innom den nyaste enno? Frå sofaen her har du 270 graders utsikt over heile dalen. Her finn du julefreden. Me lovar! Hyttene har masse plass i jula. 

For deg som vil på ekspedisjon

Me har 45 hytter over heile distriktet. Ein heil del av desse ligg langt til fjells, og mange har gjerne svært få besøk frå oktober/november og fram til ganske seint på vinteren. For å komma dit krevst det gjerne ein liten ekspedisjon på denne tida av året: det kan vera for lite snø til å gå på ski, eller for mykje laussnø til å komma seg fram. Veret kan endra seg fort. Det kan vera stor skredfare, elver kan vera opne og distansen inn til hytta er gjerne for lang til å klara å komma fram i dagslys.

Men har du kunnskapane og erfaringa som trengst, ligg eventyret og ventar på deg. 

Når du har gått i mange timar, tatt gode avgjerder i vanskeleg terreng og kjenner på kropp og hovud at du er mektig sliten, er det noko som er betre enn å komma fram til ei triveleg turisthytte, finna fram mat frå proviantlageret og leggja i omnen? Kanskje er de også dei einaste som er innom her på mange månadar.

Her er nokre av hyttene som treng størst innsats å komma til: Eidavatn, Holmavatn, Hovatn, Kringlevatn, Krossvatn, Litle Aurådal, Melands Grønahei, Storsteinen, Grasdalen og Vassdalstjørn

UVÊR: Desember på høgfjellet betyr korte dagar og raske skifte mellom godt og dårleg vêr.
UVÊR: Desember på høgfjellet betyr korte dagar og raske skifte mellom godt og dårleg vêr. Foto: Leif Rune Salte

Annonse

Skrevet av John Petter Nordbø 10. desember 2021