Historisk vandrerute gjennom Viglesdalen er open

Kannekleiv, på ruta mellom Stakken og Nilsebu. Her har dyra vore tvungne til å gå på rekkje, noko som har gjort plassen viktig både for reinsdyrjegerar og sauefolk.
Kannekleiv, på ruta mellom Stakken og Nilsebu. Her har dyra vore tvungne til å gå på rekkje, noko som har gjort plassen viktig både for reinsdyrjegerar og sauefolk. Foto: John Petter Nordbø

Dei første føtene trakka på stien for 9000 år sidan. «Driftavegen gjennom Viglesdalen» er den aller første historiske vandreruta i Rogaland.

Kvart år trør mange tusen tursko på dei flotte steinhellene som ein gong blei lagt ned for heiefolk og drifter. Driftavegen gjennom Viglesdalen følgjer ei eldgamal rute over fjellet. Dei første føtene som trakka opp stien, tilhøyrde jegerar som følgde villreinen for snart 9000 år sidan. Det er altså verkeleg ei rute med historisk sus som no får offisiell status som Historisk vandrerute.

Ruta går i Hjelmeland kommune, mellom Nes i Årdal og Nilsebu. Undervegs går ruta forbi tre av Stavanger Turistforening sine hytter: Viglesdalen, Stakken og Nilsebu. Torsdag 17. september blei den offisielt opna som Historisk vandrerute av fylkesordførar Marianne Chesak. 

–Ein ny dimensjon

–Dette er ein flott tur gjennom noko av Ryfylke sitt aller flottaste fjellterreng. No får turen ein heilt ny dimensjon med ny og betre informasjon om alle dei interessante tinga ein ser på vegen, seier dagleg leiar Preben Falck i Stavanger Turistforening.

Det er gjennomført kartlegging av fornminne langs ruta, og det er gjort ei rekkje interessante funn. Med etableringa av den historiske vandreruta blir den spennande historia i området meir tilgjengeleg for folk gjennom informasjonsplakatar langs stien og på hyttene.

–I dag ligg Viglesdalen som ein naturskjønn og avsides fjellidyll, men tidlegare har garden vore eit knutepunkt for handel og ferdsel over fjellet. I vikingtida og tidleg mellomalder produserte jernvinna i Setesdal store mengder jern som vart frakta langs handelsrutene over fjellet. Dette må ha gjort Viglesdalen til ein rik og mektig gard, og spor etter fleire langhus og nausttufter vitnar om at folk har budd her i lang tid, seier arkeolog Jennica Svenson frå Rogaland fylkeskommune.

Unik kulturarv

Etablering av den historiske vandreruta er eit samarbeid mellom Stavanger Turistforening, Hjelmeland kommune, Rogaland fylkeskommune og Riksantikvaren, støtta av Miljødirektoratet.

–Historiske vandreruter gir deg flotte friluftsopplevingar i kombinasjon med spennande kulturarv. Det veit me mange er interesserte i! I år er det opna to nye ruter, Driftavegen og Hallingskeidvegen. Saman med dei andre rutene bidreg dei til at ferdselsminna framleis er synlege og at ein også i framtida kan oppleva den unike kulturarven knytt til dei, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Vil du gå «Driftavegen gjennom Viglesdalen»? Her kan du lesa meir om ruta og turen.

Annonse

Skrevet av John Petter Nordbø 17. september 2020