Stranddalen får solstraumanlegg

SJØLVASTE PERLA: Stranddalen er mange sin favoritt. No skal diesel erstattast av solstraum til energiforsyning 1000 meter over havet.
SJØLVASTE PERLA: Stranddalen er mange sin favoritt. No skal diesel erstattast av solstraum til energiforsyning 1000 meter over havet. Foto: Agnethe Larsen

Nå bytar me ut støyande dieselaggregat med solcellepanel på Stranddalen Turisthytte. Det blir betre både for miljøet og deg som kjem på besøk. 

Stranddalen er sjølvaste perla i Ryfylkeheiane. Den betjente hytta ligg i Suldal, 1000 meter over havet, i eit fantastisk fjellterreng. Mange fjellvandrarar set pris på luksusen det er å få servert ferdig middag og koma til ei oppreidd seng. No skal denne opplevinga bli enda betre, både for deg og naturen. No kuttar me ut støyen og utsleppa frå dieselaggregata. 

Batteribank og solceller på taket

Denne våren startar Stavanger Turistforening arbeidet med å installera solstraumanlegg på hytta. Den nye energiløysinga vil primært vera basert på energi frå solcellepanel. Elektrisitet vil bli lagra ved bruk av ein stor batteribank og varme lagra i form av varmtvasstank.

LES OGSÅ: Friluftsparadokset – vi elsker naturen, men elsker naturen oss?

– Me har lagt vekt på ei enkel løysing ved bruk av komponenter som er standard hyllevare, slik at me veit at det verkar. På denne måten kan me redusera risikoen for brot på drifta og høge driftskostnadar, seier dagleg leiar Preben Falck. 

I tillegg til sjølve straumanlegget er me nøydd til å skifta ut taka for å gjera det mogleg å montera store flater med solceller på ein måte som toler dei store snømengdene på staden. Til dømes har sjølvbetjeningshytta vore tilnærma nedsnødd denne vinteren.

I dag er Stranddalen forsynt med energi frå to dieselaggregat som leverer ca. 12 kW. Det eine køyrer kontinuerleg i sesong, mens det andre er i bruk ved toppar i forbruket. Desse nyttar 5500 liter diesel og 500 kg propan hver sesong. I tillegg kjem tre famnar med ved til oppvarming. Dette må me fly inn med helikopter. Denne energiløysinga tilfredsstiller ikkje STF sine eigne miljøkrav. 

Skal redusera og endra forbruket

Dei to aggregata skal no fjernast. I tillegg til solstraumanlegget vil me installera eit meir moderne dieselaggregat med automatikk og moglegheit til å køyra på biodiesel, til bruk i dei periodane det ikkje er tilstrekkeleg lading med sol. I samband med det nye solstraumanlegget vil det også bli gjort ei rekkje anna tiltak for å redusera straumforbruket og tilpassa det til produksjonen av solstraum. Her er me dessutan avhengig av bistand frå gjestene våre. Når det er lite sol treng me hjelp med å spara straumforbruket. 

Arbeidet med å installera anlegget startar så snart det er mogleg å komma i gang med arbeid på Stranddalen etter vinteren. Det har vore store snømengder denne vinteren, og hyttetunet har vore delvis snødd ned. Planen er å gjera arbeidet ferdig før sesongstart i sommar. Solstraumanlegget er levert av Kverneland Energi, mens Ingemann as skal gjera tømrararbeidet.

Stranddalen Turisthytte har planlagt opning 26. juni. Du kan bestilla ditt sommareventyr på Stranddalen allereie no. Det kan du gjera her

Har du lest artikkelen om storbonden som lét seg forvandla av Stranddalen?
​​​​​​​Her kan du lesa om vår kjære styrar John Anton, som gler seg til å ønskja deg velkommen i sommar. 

John Anton Nilsen hadde sin første sesong som bestyrer i fjor. Nå gleder han seg til å ønske gjestene velkomne igjen.
John Anton Nilsen hadde sin første sesong som bestyrer i fjor. Nå gleder han seg til å ønske gjestene velkomne igjen. Foto: Agnethe Larsen

Annonse

Skrevet av John Petter Nordbø 26. mai 2020