Frå ungdommen

Foto: Anne Katrine Lycke

Ein seier det er ungdommen som skal redde verda, at dei nye generasjonane skal vere betre enn dei førre, klokare, meir omtenksame og meir handlekraftige. Ein seier dei unge og dei eldre brøler mot einannan på barrikadane og står som steile frontar på kvar si side av politikken. Ei side som krev oljestopp og grøn revolusjon, vendt mot ein motpart som krev at alt skal vere som før, utan meir bompengar, avgifter og klimahysteri.

Tekst: Tilde Torkildsen

Fra Stavanger Turistforenings Årbok 2020 - Vi elsker naturen, men elsker naturen oss?


Ein seier ungdommen skal redde verda, men har vi tid til det? Verda er eit hus kor taket vert svakare og svakare for kvart år, ein kan ignorere det, men før eller seinare berer ikkje bjelkane vekta lenger. Vatn trenger inn, treet rotnar, tømmeret kneler. Verda er eit hus, og det er barnebarnet ditt som skal arve det. Om nokre år skal barnebarnet fikse taket, ordne opp, ta fatt i det vi ikkje orkar å ta fatt i no. Verda er eit hus med eit tak som er lekk, og vi held fram å setje ut bøtter. I kor mange år? Kor lenge kan vi kvile på tanken at det kjem nokon etter oss som skal vere betre?

Ein seier ungdommen skal redde verda, men eg meiner det er heilt feil. Generasjonane står ikkje samla på kvar si side av ein klimadebatt, dei står ikkje ein gong saman. Menneska står spreidd, skove mot og frå av tankar, ynskje og visjonar, og samlar seg om det som ligg kvar enkelt nær. I turistforeininga finn vi barn som vert med på tur for Kvikklunsjen, eldre som har sett trea vakse fram og stiane verte til, ungdommar som vil oppleve verda på eiga hand og foreldre som helst vil halde ungdommane sine i handa, vi finn dugnadsarbeidarar, besserwisserar, bråkmakarar, surrekoppar, godvêrssupporterar, aktivistar, egoistar, sofasittarar, vener og løgnasar. Vi finn folk som meiner eller ikkje meiner, slik folk alltid har gjort. Og kven av oss som skal ta ansvar for framtida er slettes ikkje lett å vite.

Foto: Ronny Rustøen

Ein seier ungdommen skal redde verda, men kven er ungdommen? Korleis kan vi stå samla i kampen om vegen vidare når alt vi har til felles er alderen? Unge er like mykje til homogen samfunnsgruppe som folk med gule styvlar, eller dei som handlar på Joker. Det er ikkje noko å stå saman om, ikkje noko å kjempe for.

Ein seier ungdommen skal redde verda, og som ungdom er det ingen ting eg heller vil. Men eg trur ikkje at noverande huseigarar kan fråskrive seg ansvaret for eit tak på grensa til kollaps. Kva vil de at barnebarna skal arve? Antakeleg ein heil del: Rettferd, tryggleik, rikdom, rettar, likestilling, fred. I grunnen vil nok dei fleste det same, og det er vanvitig mykje! Så mykje at det kan vere vanskeleg å ta stilling til, og ein kan ende som passiv tilskodar til historias viktegaste framtidsdebatt.

Bor på Våland i Stavanger

Eg er styremedlem i DNT-ung Stavanger og  turleiar

I år går eg siste året som realfagselev

 ved St. Olav VGS.

- Hvorfor søker du naturopplevelser?

Eg søkjer naturopplevingar fordi eg tykkjer det er kjekt og gir meg utruleg mykje. Naturopplevingar er for meg vener, eventyr, kos og meistring. Eg har mange av mine aller beste og snålaste minne frå turar, og kan ikkje sjå føre meg eit liv utan.

- Hva gir naturen deg?

Naturen gir meg masse glede og opplevingar å hugse attende til. I naturen finn eg ro frå kvardagen kombinert med spenning og utforskarlyst, det er noko alle burde få oppleve og som eg er utruleg takksam for at har vorte ein så stor del av mitt liv.

- Hva er din favorittur/ favorittområde?

Eg må nok seie Lysefjorden, det er litt mainstream, men ein kjem ikkje unna at det er blant dei vakraste stadane i verda, tykkjer no eg. I tillegg er det tilgjengeleg frå Stavanger med hurtigbåt, noko som er fantastisk for oss som berre nyttar kollektivt

Foto: John Petter Nordbø

Ein seier ungdommen skal redde verda, at dei nye generasjonane skal vere betre enn dei førre, klokare, meir omtenksame og meir handlekraftige, men av og til orkar ein ikkje å tenke på slikt. Innimellom må ein berre stoppe opp, la lufta stilne og spørje seg: «Kva vil eg at dei som kjem etter meg skal arve?». For min del er svaret klart, eg vil at dei skal få kjenne frosten kile mot huda, føle kvite fnugg smelte på tunga og høyre snøen knitre lett under føtene. Eg vil at dei skal bade i klåre vatn og høyre skogen knake. Eg unner dei å følgje ferske skispor innover vinterfjellet og sjå morgondogg glitre på myrene, unner dei tre med snøtunge greiner, lukta av salt hav, vind i andletet, peisvarme og blåbærlyng. Kanskje er eg ungdom, men eg er også friluftsmenneske, og med dei som kjem etter vil eg dele det vakraste eg veit. Eg vil at dei skal arve det eg er aller mest glad i, og det ynsket trur eg vi er mange om.

Ein seier ungdommen skal redde verda, og det er klart vi skal det! Men ein tettar ingen tak åleine, og eg trur eigentleg vi er veldig mange. Vi er barn som vert med på tur for Kvikklunsjen, eldre som har sett trea vakse fram og stiane verte til, ungdommar som vil oppleve verda på eiga hand og foreldre som helst vil halde dei i handa, vi er dugnadsarbeidarar, besserwisserar, bråkmakarar, surrekoppar, godvêrssupporterar, aktivistar, egoistar, sofasittarar, vener og løgnasar. Kommande generasjonar kan ikkje ta ansvar for ei arv i kollaps, for framtida er eit fellesprosjekt som krev noko av alle. Og eg trur at DNT-arar vil spele ei veldig viktig rolle i denne kampen, for naturen er det som bind oss saman, og det ein er glad i tek ein vare på.

Tilde Torkildsen

DNT Ung Stavanger på påsketur til Taumevatn
DNT Ung Stavanger på påsketur til Taumevatn Foto: Kristine Tofte

Annonse

Skrevet av Helene Seglem 15. juni 2020