Logo
Til DNT.no forside
Mange mennesker går på tur mot en skog i flatt landskap mens solen er på vei ned

Turer og aktiviteter i Jæren turlag

Bli med Jæren turlag på tur og del turgleda saman med andre i nærmiljøet ditt. Det er mange aktivitetar og turar som vert arrangert. Les meir her og finn aktiviteten du har lyst å vera med på. Du er velkommen som deltakar og frivilleg.

Nærturar
I lag med jærkommunane Gjesdal, Hå, Klepp og Time har Jæren Turlag merka 26 turløyper rundt tettstadane i desse fire kommunane. 

I 2022 gjennomførte turlaget 24 turar med totalt 496 deltakarar. Det er alltid to turleiarar med på turane og turane går på dei merka nærturane. Det vert laga eit eiget turprogram for at det skal vera lett å ha oversikt over turane. 

Nærturane er enkle turar som passer for alle. Turane varer om lag 2 timar.

Barnas turlag
Barnas Turlag arrangerer turar, leik og moro for barnefamiliar med barn 0-12 år. Gjennom gode naturopplevinger, det enkle friluftsliv og spennande aktivitetar vil me tilrettelegge for eit sunt og godt friluftsliv for barna.

For å verta inspirert kan du lesa litt om aktivitetar og arrangement som blei gjennomført i 2022. I 2022 har det vore gjennomført 8 turar og arrangement med totalt 341 deltakarar. Det har vore varierte turar, som topptur til Åslandsnuten, tur i Madland til dagsturhytta Fisketjørnbu, kanotur på Frøylandsvatnet, nissetur til dagsturhytta Frøya og tur med ulike postar rundt Melsvatnet. Det var moglegheit for kanopadling for dei som ville.  Overnattingsturen til Grautheller i Sirdal var populært og samla 25 deltakarar. Turlaget arrangerte Kom-deg-ut-dagen i februar og i september med god deltaking. 
Følg Barnas turlag Jæren på facebook

Høgt og lågt
Turgruppa Høgt og Lågt er open for alle, men tilrettelagt for deltakarar som kanskje ikkje maktar å gå på dei høgaste toppane, og som kanskje kjenner at ein treng ein ekstra pause eller to. 

Her kan du se turreferat fra tidligere turer: Turreferat Høgt og Lågt

Fjellturar
Det vert gjennomført fjellturar gjennom heile året. Turane vert leia av turleiarar som planlegg og gjennomfører turane. Alle turane vert lagt ut i turkalenderen. Turmålet for turane varierer frå Hå, Time, Gjesdal, Bjerkreim til Eigersund kommunar.

Turane er opne for alle, men er berekna på ungdom, vaksne og spreke seniorar. Nivået på turane varierer frå vandring i terreng til toppturar.

Her finner du Jæren turlag sitt turpogram for 2024. Under kan du lesa meir om dei ulike turane me har planlagt framover. Håper me ser deg på ein av turane.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bilder fra 7-nutsturen 2022, fra Dale til Gramstad over sju topper. Frivillig, dugnad, drikkestasjon på Gramstad.
Bli frivillig
Bli medlem
Stranddalen turisthytte sommeren 2022.
Bli medlem