Kveldstur rundt Kleppevarden (1330)

Fellestur

Dato
11. november kl. 17:30 - 19:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Rundtur, Nærtur, Kveldstur
Arrangører
Jæren Turlag, Stavanger Turistforening
Turkode
1330

Turen går gjennom dei vestre delane av Klepp og innom eit par av dei høgaste punkta i Klepp; Kleppevarden og Hålandsfjell.  Fleire stader på turen er det vidt utsyn mot havet. Langsmed vegen passerar vi Bygdamusèet på Haugabakka. Dette er bygt som det fyrste skulehuset i Klepp i 1845. Før det blei museum var det i bruk som kommunehus. Turen går vidare gjennom bustadområde og kulturlandskap til vi kjem til Skjelbreidskogen. På turen gjennom skogen passerer du Revsteinen.

På toppen kjem vi til Hålandsfjell og kan studera det flate jærlandskapet gjennom den fastmonterte kikkerten. Herfrå går turen på turveg inn til Kleppe og gjennom bustadområdet opp til Kleppevarden. Frå toppen kan du i klårver sjå det meste av Klepp kommune.

Oppmøte: 
Kleppe Kyrkje kl 17.30.

Turleiar: 
Kirsten Olafsrud Vestvik, mob. 488 94 736

Ta med: 
Hodelykt

Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 23 næturer i dei fire kommunane.

Kontaktinformasjon:

  • Kirsten Olafsrud Vestvik
  • Tlf. 488 94 736

Turleder:

  • Kirsten Olafsrud