Ei kipe er ei korg med botn er av heiltre, med spiler og flett rundt. Det har vore brukt mange forskjellige materialer til flett i kipene, og det finst mange variantar som td handkipe og ryggkipe.Kiper har tradisjonelt vore laga over heile Vestlandet, òg her på Hjelmeland.
På dette kurset får du lære å setje saman ei lita kipe som kan brukast som eit brødfat. Du kan velje å flette med ulike materialer. Du kan dele selje og hassel, rive spon av furu og flette med høvla spon.
Det vil òg vere mogleg å kjøpe med seg materialpakke heim om en vil fortsetje på eigenhand.
Kurset går paralellt og på same stad som kurs i lindebastfletting, og begge instruktørane deltek på begge kursa.
Foredraget inngår som ein del av programmet på Sankefestivalen 2022.