Gamle skulevegen mellom Skår og Vestersjø, Ombo. Hjelmeland kommune (1215)

Fellestur

Dato
7. oktober 2018 kl. 13:00 - 16:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Historie, Ombo, Skuleveg, Søndastur
Arrangører
Hjelmeland Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Turkode
1215
Dette arrangementet er over!

Me går den gamle skulevegen til Vestersjø skulekrins. Start der skulen låg, på Solheim, og så går me vestover til me ser utover grenda Vestersjø. flott tur og mykje historie.

Oppmøte på Solheim på Ombo, der Vestersjø skule var.
Frå ferjekaien på Skipavik køyrer du mot vest, mot Eidssund, forbi Skår og krysset til Aukland, og stoppar før du kjem til Rosså. Me føl den gamle skulevegen. Vegen er godt synleg, mange stader er her mura trinn, og det er lagt heller over bekker mm. Vegen blei tatt i bruk i 1926, og gir eit godt inntrykk av tidlegare tiders byggjemåte med plassering i terreng. God utsikt ut over sjøen mange stader. Kåre Skaar, som bla har vore lærar på Vestersjø skule, blir med som kjentmann og historieforteljar. Me går ikkje heilt til Vestersjø, pga der er ikkje vegen synleg lengre i jordbrukslandskapet. Me snur på "Stegabakkane" der me ser til Vestersjø. Turen blir annleis når me ser plassene frå andre kanten på tilbakevegen. Sjølve gåturen tek ca 2 timar att og fram. Pausar kjem i tillegg.
Me startar ca kl 13. Ferje frå Hjelmeland kl 12.15, via Nesvik 12.30 og på Skipavik 12.50.
Retur frå Ombo med ferja frå Skipavik kl 16.50.
 

Gamle skulevegen mellom Skår og Vestersjø, Ombo. Hjelmeland kommune (1215)

Me går den gamle skulevegen til Vestersjø skulekrins. Start der skulen låg, på Solheim, og så går me vestover til me ser utover grenda Vestersjø. flott tur og mykje historie. ...

Kontaktinformasjon:

Annonse