FRÅ DAL TIL DAL: FRÅ MÅLAND TIL SVADBERG I ÅRDAL

Fellestur

Dato
25. august kl. 10:00 - 14:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Dal, Svadberg, Skogsterreng, Måland
Arrangører
Hjelmeland Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Dette arrangementet er over!


Dagstur frå dal til dal. Turen går frå Målandsdalen opp bratte liar opp mot Dritland. Her tek me ein avstikkar vestover mot Bjørkestølen og tilbake, før me går vidare på sti  innover i skogterreng i ca 400 m høgde. Etter kvart kjem me inn på skogsveg litt aust for Espevatnet, og går ned forbi Stølen til Svadberg i Årdal. Me tek dermed nedstigninga på veg.

Me møtes på p-plass Svadberg i Årdal kl 10.00. Der samordnar me kjøring til Målandsdalen, der turen startar. Paul Øvrehus er kjentmann.
Turen varer i ca 4 timar. Målt i luftlinje er turen ca 6 km.

Ha gode klær og sko, ta med mat og nok drikke for dagstur, sitjeunderlag er og kjekt å ha med.

FRÅ DAL TIL DAL: FRÅ MÅLAND TIL SVADBERG I ÅRDAL

Dagstur frå dal til dal. Turen går frå Målandsdalen opp bratte liar opp mot Dritland. Her tek me ein avstikkar vestover mot Bjørkestølen og tilbake, før me går vidare på ...

Kontaktinformasjon:

Annonse