Dalabekk-runden - nærtur i Hå (1322)

Fellestur

Dato
24. juni kl. 17:30 - 19:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Rundtur, Nærtur, Kveldstur, Jæren,
Arrangører
Jæren Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane, Vestfold, Skrim og Luksefjell (se kart)
Turkode
1322

Bli med på ein rundtur langs merka nærtur på Jæren.

Turen startar ved parkeringsplassen for Nærbøparken. Nærbøparken er ein oase i Nærbø sentrum. Det er eit ynda utfartsstad heile året og har mykje besøk av folk frå fjern og nær. Arealet for Nærbøparken var tidlegare ein klokkargard som vart nedlagt i byrjinga av 1930 tallet. 

Frå parkeringsplassen for parken går du på nordsida av huset og vestover til Parktræet. Så går du sørover forbi Motland skule og over Store Ring og sørover Kviavegen og svingar til venstre like før Hattelandstjørna. Følg grusa veg/sti, langs steingarden, mellom byggefelt og jordbruksareal, opp mot toppen og sving deretter ned mot Dalabekken. På toppen er det god utsikt over store deler av Nærbø. 

Dalabekkturen er merka i begge retningar, med raude T- ar, som Jæren turlag har sett opp.

Oppmøte:
Parkeringsplass ved Nærbøparken kl 17.30.

Turleiar:
Liv Klepp, mob. 924 85 648

Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 23 næturer i dei fire kommunane.

 

Dalabekk-runden - nærtur i Hå (1322)

Bli med på ein rundtur langs merka nærtur på Jæren. Turen startar ved parkeringsplassen for Nærbøparken. Nærbøparken er ein oase i Nærbø sentrum. Det er eit ynda utfartsstad heile året og ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Liv Klepp