Fisterbuen Lars Flatø Nessa har klatra på verdas høgaste fjell, og sanka seg spektakulære vertikale opplevingar. Men svimlande turopplevingar kan du òg sanke deg i loddrette fjellvegger her heima i Ryfylke.
Lars vil vise deg at ein slett ikkje treng å reise så langt for å finne spanande, utan-om-det-vanlege turmål. I dette innlegget vil han ta deg med på nokre av desse svimlande turane.....og kanskje gi deg eit tips og to dersom du vil prøve deg på ein vertikal tur
Foredraget inngår som ein del av programmet på Sankefestivalen 2022.