Orstadrunden - nærtur (1325)

Fellestur

Dato
9. september kl. 17:30 - 19:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Nærtur
Arrangører
Jæren Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane, Vestlandet (se kart)
Turkode
1325

Turen går nordover langs Gamle Orstadveg. Denne gamle vegen var ei viktig ferdselsåre over Jæren, og ein finn ennå spor etter han nokre stader. Vidare går turen langs Fv 505 bort til Figgjoelva. I denne delen av Figgjoelva har ein framleis ein stor bestand av elveperlemusling. I tidlegare tider fiska jærbuane store mengder muslingar for å finna perler. Var ein heldig kunne ein finna velforma perler av høg kvalitet. I dag er muslingen ein truga art og er freda.Turen går opp langs elva forbi fossen der kommunane Klepp, Time og Sandnes møtest.Har du god tid kan du følgja trasèen for Ålgårsbanen langs elva. Vår tur går inn i Time kommune og over Kalberg. Området er prega av store masseuttak.Etter ei tid langs vegen går turen inn i Kalbergskogen. Skogen er eigd av Jæren skoglag.Ved pumpestasjonen til IVAR dreg du vestover og kommer tilbake til Klepp kommune.

Dette området er svært rikt på tilegare tiders kulturminne, så høgdedraget har vore nytta av menneske gjennom svært lang tid. Etter en kort tur gjennom bebyggelse er du tilbake ved parkeringa. 

Oppmøte:
Orstad kyrkje kl 17:30

Turleiar:
Randi Otterlei Malmin, mob. 93489250

Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 23 næturer i dei fire kommunane.

Orstadrunden - nærtur (1325)

Turen går nordover langs Gamle Orstadveg. Denne gamle vegen var ei viktig ferdselsåre over Jæren, og ein finn ennå spor etter han nokre stader. Vidare går turen langs Fv 505 ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Randi Otterlei Malmin