Mordet på Øye - uteteater på Vigatunet (1209)

Dette arrangementet er over! Men fortvil ikke, arrangementet har alternative datoer som du kan delta på.

«Mordet på Øye», med tekst av Magnar Riveland og musikk av Anders Smith, er basert på ei sann historie, som skjedde på Randøy i 1718. Framsyninga blir vist i Vigatunet, i samarbeid med Ryfylkemuseet, med økonomisk støtte frå Kulturrådet og i samband med Sankefestivalen.

Det er stor aktivitet og mykje folk på Nord-Øye i dagane før 10. november 1718. Neste morgon merkar folk at tenestejenta Sissela ikkje har vore i senga si om natta. Dei leitar etter henne, men først utpå ettermiddagen kjem naboguten Samson springande med ein frykteleg beskjed: Ho har funne Sissela, død, med hovudet og akslene nedi vatnet i Bakkekjelda. Men kven har drepe ho? Det er nemleg fleire som har drapsmotiv.

Tilrådd aldersgrense: 12 år 

  • Oppmøte 
  • NB Søndags-framsyninga er flytta til Hjelmeland samfunnshus !
    Vigatunet kl 20.00. Framsyninga starter kl 20.30. Dersom det blir dårleg vêr på framsyningsdagen, vil framsyninga bli spelt på Hjelmeland Samfunnshus. Dei som har billett vil i så fall bli varsla om dette, og det vil stå skilt med informasjon ved avkjørsla til Vigatunet.

    Billettar:
    Kjøp bilettar her på TICKET CO
    Rabatt for medlemmer i Turistforeningen - bruk kode "medlem" ved bilettbestilling

Uteteateret inngår som ein del av programmet på Sankefestivalen 2022.

Mordet på Øye - uteteater på Vigatunet (1209)

«Mordet på Øye», med tekst av Magnar Riveland og musikk av Anders Smith, er basert på ei sann historie, som skjedde på Randøy i 1718. Framsyninga blir vist i Vigatunet, ...

Kontaktinformasjon: