Vi feirer frivilligheten på Fogn!

Fellestur

Dato
14. mai kl. 11:30 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Dagstur,
Arrangører
Stavanger Turistforening, Rennesøy og Finnøy Turlag
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Bli med på frivillighetens dag på Fogn! Tema er "sammen på tur" og me håper du blir med! 

Lørdag 14. mai går lag og foreningar på øya saman om å arrangera ein inspirerande og sosial markering av dagen. 2022 er frivillighetens år og den blir markert over heile landet på ulikt vis. Me på Fogn inviterer difor alle til å komma til øya denne dagen for å gå tur. Arrangørene ønskjer absolutt alle, fastbuande, hyttefolk, sambygdingar frå dei andre øyane, turistar, feriefolk, turinteresserte, lag, foreningar, kjente og ukjente hjarteleg velkommen til Fogn.

Etter inspirasjon frå Nasjonalforeningen for folkehelse er mottoet for dagen: Me går saman, og gjerne med nokon du ikkje kjenner! Det oppmodast faktisk til det 😊 Viss det høyres for risikabelt ut, kan du sjølvsagt gå med nokon du kjenner. Me legg opp til korte og litt lengre turar. Det viktigaste er at me skal ut på tur, og at dei som ikkje allereie kjenner Fogn, skal få bli kjent med «perlå i Ryfylke.» På turen får du blant anna sjå Ørnakulå, der den nye dagsturhytta er under oppføring.

Etter at turen er unnagjort blir det samling ved skulen og det blir servert suppe laga på tomatar frå Fogn. Og kaker, kaffi og drøs. 

Oppmøte: 

Oppmøte og registrering ved skulen. Turstart mellom klokka 1130 og 1230. For å komma til Fogn kan du anten køyra bil til Judaberg, parkera på kaien og ta ferja som går klokka 1155. Eller ta hurtigbåt frå byen klokka 1030. Frå kaien på Fogn tek det 5 minutt å gå til møtepunktet ved skulen. Ein representant frå Fogn (med gul vest) er på kaien ved ankomst.

Retur:

Retur med ferje til Judaberg klokka 1615, eller hurtigbåt til byen klokka 1555 eller 1630.

Pris:

Arrangementet er gratis. 

Arrangører: 

Helselaget, grendalaget, idrettslaget, husflidslaget, ungdomslaget, bondelaget, eldrekafeen, kyrkje og bedehus.

Vi feirer frivilligheten på Fogn!

Bli med på frivillighetens dag på Fogn! Tema er "sammen på tur" og me håper du blir med!  Lørdag 14. mai går lag og foreningar på øya saman om å arrangera ...