Kveldstur Valaheia

Fellestur

Dato
31. mai kl. 18:00 - 21:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Valaheia, Utsikt, Kveldstur, Hagalid
Arrangører
Hjelmeland Turlag, Stavanger Turistforening
Dette arrangementet er over!

Lett kveldstur i open låghei med flott utsikt.

Oppmøte ved parkeringsplassen på Hagalid kl. 18.00 – parkeringsavgift.
Me går på Hagalidvegen tilbake til Bjørkhaug ca. 1 km på veg. (Det er nokre få parkeringsplassar ved Bjørkhaug, med det same ein kjem på toppen av Hagalid bakkane og det flatar ut)
Me tek opp frå vegen og opp på Valaheia og gjer ein runde der. Sjølve Valaheia er nokså flat hei. Turen går i umerka ope terreng. Eine vegen går me langs brotet og har utsikt både mot vest og sør. I sør/søraust er her ein dam i eit vassdrag som renn ned til Kvame. Me får historie om dette og andre tema med oss på turen av kjentmann.

Ta med gode klær og sko, litt mat og drikke. Kjekt å ha med: kikkert, sitteunderlag, fotoutstyr.
Turdeltakarane må vere i middels god form.

Kjentmann: Birgit Sundbø Hagalid, grunneigar på Hagalid.

Turleiar: Anne Kari Skogerbø, tlf. 97705280, e-post hjelmelandturlag@stf.no

Tur kl. 18.00 – 21.00, 3 timar

Kontaktinformasjon: