Det er flott å gå ut i naturen når skumringen fell på, og dagen blir til kveld.
Dette er ein 2,8 km lang tur frå Foss til Fosstemmen, som er eit fint skogsvatn som ligg 380 moh.
Ved Fosstemmen er det bygd ein flott gapahuk, med bålpanner og sitjeplasser.
Det blir ein quiss undervegs m/premiering og litt lett bålmat, evt litt vinteraktivitetar etter været.
Me håpar på ein kald, fin blåtime! Kanskje møter me hjorten, eller ser revespor? ....og kanskje dukkar stjernene opp på himmelen ?
Turen passar fint for både barn og vaksne. Ta med hodelykter og gode klær. Turen opp tar ca ein time, og litt kortare tid ned igjen. Ja, er det snø, så ta med akebrett, så kan me kanskje renne ned igjen?
Vi følger STF og DNTs smittevernsinstruks for gjennomføring av aktiviteter.