Dugnad Viglesdalen

Dugnad

Fra dato
21. april kl. 16:00
Til dato
24. april kl. 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Dugnad, Vedlikeholdsarbeid, #Hyttedugnad, Hyttemat, Arbeid Dugnad, Sosialt, Dramatisk Natur
Arrangører
Stavanger Turistforening, Hjelmeland Turlag
Turkode
953

Bli med på fellesdugnad på dei tre hyttene i vakre og ville Viglesdalen. Me gjer hyttene klar for sommarsesongen.

Dugnadsamlinga går over heile helga, men du kan sjølv velge kor lenge du vil bli med; kanskje berre nokre timar eller over fleire dagar? På dugnaden er det jobb for alle! Arbeidet består td i å vaske hyttene frå ”topp til tå”, rydde, skifte sengklær, lø ved og legge til rette. 
Dersom det er tid og passe vær, skal me òg foreta diverse vedlikehaldsarbeid utandørs. Me håpar du vil være med på triveleg dugnadshelg til Viglesdal.

Turlaget orndar mat til alle som er med på dugnad - derfor påmelding ei veke før.

Turen opp til hyttene må tas til fots.  Den startar på Nes i Årdal, ca 3 mil kjøring frå Tau. Det er skilta til Nes frå RV13.
Frå P-plassen på Nes går ein rett over brua, og følgjer vidare merka turistforeningsløype. Turen opp går på steinete gammal driftaveg, og på berg, myr og ur. Ein passerar flotte fossar, gammel steinbru, bratte urar og mektige fjellparti. Turen er berekna til ca. 2 timar ein veg.

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Elisabeth Hausken Nessa