Lalandsrunden - nærtur på Jæren (1342)

Fellestur

Dato
28. desember kl. 17:30 - 19:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Ettermiddagstur, Nærtur, Kveldstur, Jæren
Arrangører
Jæren Turlag, Stavanger Turistforening
Turkode
1342

Turen går gjennom eit landskap der det har vore menneskeleg busetnad i svært lang tid. Langs ruta er det fleire spor etter dei tidlege kleppsbuane.

Runden startar ved parkeringsplassen evd Gunnarsberget og går sørover på turvegen langs Frøylandsvatnet. Kaster du eit blikk utover vatnet kan det henda du får sjå toppdykkaren som held til her. Du passerer snart Lalandsholmen, staden der det blir hevda at Olav Tryggvason blei fødd. Her finn du og Midgardsormen, brua over til Njåskogen. Ta gjerne ein tur over brua visst du har tid. Vil du utvida turen, er det eit godt løypenett her. 

Etter vandring gjennm skogen kjem du til Steintangen der dagsturhytta Frøya skal plasserast. (Frøylandsvatnet har to plassar som heiter Stentangen, den andre ligg lenger nord).Ta ein tur innom dagsturhytta før du fortset over jernbanebrua. Følg merkinga over brua. Her går ruta i same trase som Tinghaugrunden. PÅ vegen oppover passerer du MOsberget, staden der forfattaren Torvald Thu budde. Følg nå Lalandsvegen sørover eit stykke, før du tar av og går opp mot Postvegen. Når du kjem til postvegen skal du drere nordover. Frå Postvegen har du eit vidt utsyn over kulturlandskapet med steingardar og veldriven jord. Vegen er ei gamal ferdselsåre, i si tid bygt for ferdsel med hest og til fots. Du følg Postvegen heilt til du kjem til Stasjonsvegen. På gang-og sykkelvegen går du vidare til Klepp stasjon og vidare tilbake til parkeringsplassen ved Gunnarsberget.

Turen er eigna for barnevogn og rullestol, men då kan ein med fordel gå motsatt veg for å unngå di brattaste stigningane. Brua over jernbanen kan vera utfordrande for enkelte rullestolbrukarar.

Turen er 8,2 km lang

  • Turleiar: 
    Sigvart Zachariassen, mob. 934 39 747.

Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 24 næturer i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Sigvart Zachariassen