På Øksnevad vidaregåande skole er det opparbeida ein 6 km lang natur- og kultursti. Løypa går dels på skogssti, dels på grusveg. Turen tek i underkant av 2 timar, er lettgått men ikkje eigna for barnevogn/rullestol.
Turen starter med ein runde på austsida av rv. 44. Frå fugletårnet er det god utsikt over naturreservatet Øksnevadtjørna. Vidare går turen gjennom skogen til Figgjoelva og naturreservatet Lonavatnet. Begge reservatene er verna grunna fuglelivet. Etter å ha kryssa over til vestsida av rv. 44 går vi opp til turens høgaste punkt Øksnevadvarden 50 moh. Vi tek turen bortom Hidlaren før vi går ned til gapahuken ved elva. Navnet Øksnavad betyr «vadestaden til oksane». På andre sida av elva ligg Stangalandshelleren kor arkeologane har gjort det eldste funnet av bein etter tamfe i Norge datert til rundt 3200 f.kr.
Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 24 næturer i dei fire kommunane. Følg gjerne turlaget på Facebook.
Foto: Ragnar Egeland