Kom-deg-ut-dag - Frilufts-JAZZ-kafè - Jøsneset

Arrangement

Dato
5. september kl. 15:00 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Arrangement, Kom-Deg-Ut-Dagen, Friluftskonsert
Arrangører
Stavanger Turistforening, Hjelmeland Turlag , Jøsneset bygdaråd
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Søndag 5.september er DNT`s nasjonale "Kom-deg-ut-dag"

Då blir det frilufts-JAZZ-KAFÈ på uteplassen ved Jøsneset Grendahus i Hjelmeland.

Me oppmodar alle til ei skikkelig ute-helg !
Me har fine badeplassar i sjø og vatn, og mange fine hengekøyetrær og teltplassar  - så ta deg gjerne ei natt-i-natur
Eller kva med ein tur til eit av dei mange merka turmåla på Jøsneset; her finn dut TURKART JØSNESET
Du rekk ein topptur før konserten kl 15.oo på søndag.  

NATURQUISS rundt "Nullen"
LIten lågterskeltur i bygdemiljøet ved Grendahuset: rundt "Nullen" blir det hengt opp naturquiss-spørsmål:
Delta på naturquissen og du får gratis Gilde-pølser på kafèen !  Premiering !

JAZZKONSERTEN STARTAR KL 15.00 frå utescenene ved Grendahuset. 
Den unge jazztrioen VASPELAND 3 frå Oslo spelar akustisk jazz. Ein liten smakebit

BIllett-VIPPS og registrering av alle ved inngang:

Barn gratis ! Tenåringar kr 50
Vaksne  kr 100,-  (eller valgfritt beløp over det)
Jazztrioen får ikkje betaling av arrangør.
Men all  bilettinntekt og inntekt av kafèsal grå til VASPELAND 3,  VIPPS NR 47840680 (v/pianist Håvard Ersland)

FRILUFTS-KAFÈ på UTEPLASSEN:
- Sal av varm tomat/paprika/chili-suppe m/Øyvinds nybakte brød
- Sal av grillmat 
- Sal av eplekake, kaffe/te og lokal nypressa eplesaft frå Buhagen

Det blir satt ut bord på plassen foran utecenen. Plassen er romsleg, med moglegheit for god avstand.

Ta gjerne "søndagsmiddagen" din UTEANDØRS denne søndagen.

Uteplassen Jøsneset Grendahus
Jøsnesvegen 231
4146 Skiftun - 2,5 km frå Nesvik ferjekai 

Konserten er sponsa av Rogaland Fylkeskommune og Credo, og er ein del av programmet til RYFEST.

Konsertbilett ved inngang + kafèinntekt = honorar til unge,utøvande jazzmusikarar VASPELAND3, VIPPS 47840680

Arrangør: Jøsneset Bygdaråd og Hjelmeland Turlag

Me minner 1-m-regelen, handsprit og generelle Covid19-reglar ift oppmøte 

Kom-deg-ut-dag - Frilufts-JAZZ-kafè - Jøsneset

Søndag 5.september er DNT`s nasjonale "Kom-deg-ut-dag" Då blir det frilufts-JAZZ-KAFÈ på uteplassen ved Jøsneset Grendahus i Hjelmeland. Me oppmodar alle til ei skikkelig ute-helg ! Me har fine badeplassar i sjø og vatn, ...

Kontaktinformasjon: