Fotosafari på Sankefestivalen: Lær å sanke gode fotomotiv med Strand Fotoklubb (1215)

Kurs

Dato
27. juni kl. 11:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Kurs, Temakurs, Fellestur, Foto, Naturlos
Arrangører
Stavanger Turistforening, Hjelmeland Turlag , Naturlosgruppa , Strand Fotoklubb
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Turkode
1215
Dette arrangementet er over!

Ta med fotoapparat eller mobilkamera og bli med på ein tur der me jaktar på gode fotomotiv - og lærer nokon smarte fototriks.

Me møtes i Randøykrysset kl 11.00 der det er god parkering. Me går først til Vigavågen.ca 400 m. 
 
Me går og fotograferer frå sjøen, langs Hauskjeånå, går vidare opp i Vigatunet og eventuelt vidare mot Borgaråsen i kulturlandkskapet. Her er slåttemark med sommarblomar, store tre mm. I Vigatunet er her både mange bygg, steingardar, historisk frukthage mm. 

Det blir noko om fotografering av både landskap, bygningar og makrofotografering.

Ta med niste og drikke og sitteunderlag. Me har rast i løpet av turen. 

Hans Widerøe blir med som fotograf.
Anne Kari Skogerbø er turleiar frå Hjelmeland Turlag 

Pris:
Medlem i DNT kr 50/ Ikkje medlem kr. 100. 

Turen inngår i programmet på Sankefestivalen 2021. Dersom du ønskjer å delta på noko på laurdagen, sjekkar du opp programmet og melder deg på den delen av dagen du ønskjer å vere i Hjelmelandsvågen og eventuelle kurs eller foredrag du vil få med deg. 

OBS!  Me føl DNT sin smittevernsinstruks for gjennomføring av aktivitet - du kan lese meir om denne her. Du vil få meir informasjon ved ankomst til arrangementet som er tilrettelagt etter gjeldene smittevernregler. Alle deltakere har sjølv ansvar for å holde god nok avstand til andre turdeltakare. Er du ikkje i form eller har forkjølelsessymptom kan du ikkje delta, avmelding må meldes seinest 24 timar før slik at dei på ventelista kan få tilbud om plass. Takk for hjelpa.

Fotosafari på Sankefestivalen: Lær å sanke gode fotomotiv med Strand Fotoklubb (1215)

Ta med fotoapparat eller mobilkamera og bli med på ein tur der me jaktar på gode fotomotiv - og lærer nokon smarte fototriks. Me møtes i Randøykrysset kl 11.00 der det ...

Kontaktinformasjon: