Bli med på båttur over fjorden til Skiftun: der kan du besøke den økologiske garden Bøen og stikke innom den lokale Krambuå, som sel Buhagens lokaproduserte eplesaft og eplesider. Eller du kan berre ligge på Skiftustranda å "chilla-an" - eller kva med eit friskt sommarbad? Eller ein kanotur langs varme svadberg?
Frå kaien i Hjelmelandvågen ved Sanketorget stiller Helgøy skyssbåt . Dei fraktar deg over til Skiftun kai, ca 10 min båttur. Frå kaien vandrar du et par hundre meter opp gjennom frukthagane til Jostein og Berit Hjorteland. Då kjem du til gardstunet og den gamle Krambuå - der Buhagen har sitt gardsutsal,
I Krambuå er det utsal av Buhagens eplesaft, eplesideren Bølgeskvulp og Buhagens villsauskinn.
I tillegg får du kjøpt den prisbelønna King Mikal røykelaks som er produsert her i bygda; basert på laks frå fjordane og viltvaksande einer.
Du kan òg få kjøpe honning frå Ytre Eiane Gard. - ein fruktgard som ligg lengre inne i Jøsenfjorden.
Frå Krambuå kan du vandre vidare i eige tempo langs nye frukthagar og grøne bøar; opp til nabogarden: Bøen økologiske gard.
Garden ligg vakkert til med utsikt mot fjorden, grøne enger og steile åsar. Silje Sværen og Øyvind Oaland driv garden økologisk og har både hest med føll, Jerseykyr, villsau, høner og katt. Her kan du få klappe dyra og få tips om økologisk gardsdrift og hagebruk. Og denne dagen blir det sal av kaffe og nybakst ute på det vakre, velstelte tunet.
Sommerens første bad i fjorden? Det kan du ta i Skiftunstranda. Der er det fin og langgrunn strand for ungane til å leike/bade.
Jøsneset Bygdaråd står klar med 6 kanoar: då kan du kan ta deg ein padletur i på eigen hand inne i Skiftuvika eller langs svaberga langs kysten her. Jøsneset har eit rikt nettverk av merka turstiar, om du tar deg tid til å bli litt lengre kan du òg få deg ein fin topptur.
Meir info om bygda finn du på Jøsneset si nettside
Turen inngår i programmet på Sankefestivalen 2021.
Når du har meldt deg på denne turen, må du samtidig melda deg på det åpne programmet på Sankefestivalen i Vågen, dersom du ønskjer å få med deg det også:
enten kl 10-13 eller kl 13.30-16.30. Ta ein runde på Sanketorget, besøk vår lokale Sankekafè og få meir inspirasjon!
Det er kun dei som tar Helgøybåten som treng melde seg på. Alle andre kan møte opp direkte på Skiftun, og du blir registrert inn på liste der.
OBS! Vi følgjer DNT smittevernsinstruks for gjennomføring av aktivitet - du kan lese mer om denne her. Du vil få meir informasjon ved ankomst til arrangementet som er tilrettelagt etter gjeldene smittevernregler. Alle deltakere har sjølv ansvar for å holde god nok avstand til andre turdeltakare. Er du ikkje i form eller har forkjølelsessymptom kan du ikkje delta, avmelding må meldes seinest 24 timar før slik at dei på ventelista kan få tilbud om plass. Takk for hjelpa.