Både tau og tråd vart laga av lindebast, den vart også brukt til innslag i vev. Basta er eit utruleg sterkt og smidig materiale, og har ei vakker gyllen farge.
På kurset kan ein velge mellom forskjellige teknikker i i lindebast. Ein kan lage tau, tråd og fletter. Ein kan og lage små nett i ein teknikk som kalles “looping” Det er ein teknikk som kan sammenliknes med fingerhekling, og som ikkje krev noko verktøy. Det er også mulig å veve enkle bånd med lindebasten.
Det vil også vere mogleg å kjøpe med seg material heim om ein vil fortsetje på eigenhand.
Kurset går paralellt og på same stad som kurs i kjipelaging (små, fletta brødfat), og begge instruktørane deltek på begge kursa.
Foredraget inngår som ein del av programmet på Sankefestivalen 2022.