Sankefestivalen i Hjelmelandsvågen kl 13.30 - 16.30 (1202)

Velkomen til festival i Hjelmelandsvågen med fokus på naturbaserte produkt og opplevingar.

På grunn av koronarestriksjonar har vi har vi delt dagen i 2 bolkar slik at flest mogleg kan vera med. På denne sida kan du melda deg på Sankefestivalen kl 13.30 - 16.30 Du deltek så lenge eller kort du sjølv vil innanfor denne tida. Alle må melda seg på og får utdelt festivalbånd ved ankomst. Du har da gratis tilgang til Sanketorget og alt som skjer der. For kursa og foredragene betaler du når du melder deg på desse.

Hjelmeland Turlag saman med Stavanger Turistforening og Nyttevekstforeningen Jærsoppen arrangerer Sankefestival i Hjelmelandsvågen for fjerde året. Det blir ei kjekk blanding av aktivitetar og kunnskapsformidling med naturen i fokus!  Passer for heile familien. Kurs, fisking, eit langstrakt Sanketorg, foredrag og festivalkafè, aktivitetar for barn mm. 

Programmet justert i forhold til smittevernreglar. Det kan vera maksimalt 200 personar på festivalen og vi må ha navn og mobilnummer på alle som deltar. Derfor må alle melda seg på til sjølve festivalen i tillegg til kurs eller foredrag. Påmeldingen går heilt fram til dei 200 festivalpassa er delt ut.

Vi har ein eigen side med heile programmet og med påmeldingslinkar.

Følg òg med på annonsering på Facbook-sida til Hjelmeland Turlag

Sankefestivalen i Hjelmelandsvågen kl 13.30 - 16.30 (1202)

Velkomen til festival i Hjelmelandsvågen med fokus på naturbaserte produkt og opplevingar. På grunn av koronarestriksjonar har vi har vi delt dagen i 2 bolkar slik at flest mogleg kan vera med. ...

Kontaktinformasjon: