Nesvikheia rundt - inkludert Sjiddknatten

Fellestur

Dato
9. mai kl. 10:30 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Fjordutsikt, Skogstur, Utsiktspunkt, Husmannslass, Kupert
Arrangører
Hjelmeland Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Velkommen til vandring Nesvikheia rundt på Jøsneset saman med to kjentmenn Rasin Tjeltveit og Kåre Nesvik. 

Oppmøte Nesvik ferjekai kl 10.30. Me går opp Nesvikbakken, og inn paralellt med RV13, Inn langs gammel sti: Svenskeveien.  Innover mot Bastlid, høgt oppe i terrenget parallelt med RV13 og fjorden. I Bastllid besøker me to gml husmannsplasser; Svea og Dokkjå.  Matpause. Vidare opp Øygjadalen (gml skuleveg frå Bastlid ) og vidare opp og sørover Nesvikheia med flott utsikt utover heile Ombofjorden. Her ute på vestsida av Nesvikheia tek me ein god rast på utsiktsplassen SJIDDKNATTEN.

Sjiddknatten blei trekt ut som  "Mi turperle" 2020. Dette var ein konkurranse som Hjelmeland Turlag hadde i 2020, der me oppmoda folk om sende inn tips om sine nærmiljøperler.   Vinnaren blei trekt på loddtrekning på Sankefestivalen, og vinnar blei Hanne Tjeltveit..  Hanne fekk då eit gåvekort på kr 10 000 til friluftsrelaterte tiltak til sitt bygdelag; Jøsneset Bygdaråd.

For gåvepremien har Jøsneset Bygdaråde mellom anna kjøpt ein benk til Sjiddknatten.  Denne dagen blir det opning av benken. Dette får me då med oss på slutten av rundturen. Derfra går turen ned att til ferjekaien

Pga koronareglar er det antallbegrensing og påmelding/registrering av turdeltakarar på rundturen.

Om du har lyst til å kun gå til Sjiddknatten for å få med deg "benke-opninga" så kan du gjere dette på eigenhand; det er merka rute frå Jøsnesvegen , sjå turstikart Jøsneset

Nesvikheia rundt - inkludert Sjiddknatten

Velkommen til vandring Nesvikheia rundt på Jøsneset saman med to kjentmenn Rasin Tjeltveit og Kåre Nesvik.  Oppmøte Nesvik ferjekai kl 10.30. Me går opp Nesvikbakken, og inn paralellt med RV13, Inn ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Svanhild Hjorteland Gbada