Turen starter frå p-plassen ved Kåsen Idrettshall, og går etterkvart ned på gangstien rundt Frøylandsvatnet. Turen går mellom anna forbi Mosberghagen der Torvald Thu budde. Turen fortset vidare mot TInghaug. Her er det gravhaugar frå jernalderen på Grønhaug og Tinghaug, eit av landets få gjenverande steinkors på Krosshaug. Tinghaug er det høgaste punktet i Klepp kommune med 102 moh. Turen fortse vidare mot Kåsen og p-plassen. Turen er ei rundløype på ca 8 km og går på veg og tursti og tek ca 2 timar. Turen passer for alle.
Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 23 næturer i dei fire kommunane.