Varden - nærtur på Jæren (1330)

Fellestur

Dato
2. juni kl. 17:30 - 19:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Ettermiddagstur, Nærtur, Kveldstur, Jæren
Arrangører
Jæren Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Langsua (Huldreheimen) , Ryfylkeheiane (se kart)
Turkode
1330
Dette arrangementet er over!

OBS: Turen er endra. Start og parkering er ved Monsanut barnehage, på toppen av Lye.

Turen går først litt på gang - og sykkelveg, så over på grussti innover mot Ulvatjørn, vidare på sti mot Åsen. Vi går forbi vindmøllene på Lye og går også på deler av Prestevegen mellom Lye og Gjesdal.

Namnet «Prestavegen» har si historie. Lye var prestegard i Time frå omlag 1330 til 1932. Prestavegen gjekk frå Lye over Åsen og Edland til Gjesdal, og var fram til 1837 rideveg for presten. I 1837 vart han utbetra til køyreveg. Prestavegen vart turveg i 2003.

Turen går mest på god grussti. Mest heile turen går i jærsk kulturlandskap og er ein flott rundtur på toppen av Lye. Du må rekna med ca 2 timar på turen i roleg tempo.

  • Oppmøte
    Parkeringsplass ved Monsanut barnehage. Turen starter her kl 1730.
     
  • Turleiar: 
    Anne Reidun Garpestad mob. 958 19 098
     
  • Påmelding
    På grunn av smittevern må vi avgrensa gruppestorleiken til maks 30 deltakarar og vi krev påmelding for å delta. Vi følgjer STFs smittevernsinstruks for gjennomføring av aktivitet, du kan lese meir om denne her.

Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 23 næturer i dei fire kommunane.

Varden - nærtur på Jæren (1330)

OBS: Turen er endra. Start og parkering er ved Monsanut barnehage, på toppen av Lye. Turen går først litt på gang - og sykkelveg, så over på grussti innover mot ...

Kontaktinformasjon:

  • Anne Reidun Garpestad
  • Tlf. 95819098

Turleder:

  • Anne Reidun Garpestad