Frå Vigrestad stasjon er det merka ein løype fram til Haugstadskogen. Dette er ein tur med med høve for å oppleva kontrastar mellom blåsande og stille, ljus og mørke. Langs vegen fylgjer du turvegar, sykkel- og gangvegar og i tillegg, om du ynskjer det, smale, mørke stiar i skogen.
Vel framme i Haugstadskogen er det ly å finna og mange stiar å velja mellom. Jæren Friluftsråd har ansvaret for tilrettelegging i skogen. Noko av det første du møter, er ei stor oppslagstavle som viser alle stiar og sitjeplassar i skogen.
Denne turen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal. Jæren turlag har eit fadderlag som har ansvaret for merkinga av 23 næturer i dei fire kommunane.
Foto: Anne Katrine Lycke