Like trufast som trekkfuglane : dugnaden i Viglesdalen er eit muntert og energisk sikkert vårteikn ! Kom å bli med da vel !
Me skal gjere hyttene i Viglesdal klare for sesongen.
Dette er ein god kombinasjon av felles arbeidsøkt og sosialt samvær på turistforeningshyttene i vakre Viglesdalen. Hyttene skal gjerast klare etter vinteren: utvask, rydding, skifte sengklær, lø ved, tømme søppel osv osv.
Turlaget stiller med mat og drikke, losji er det på plassen. Du stiller med godt humør og arbeidslyst. Du kan velge å gå opp kva dag du vil og bil med så lenge du vil. Nokon går opp torsdag, andre fredag eller laurdag.
Påmelding og meir informasjon; ta kontakt med Hjelmeland Turlag v/Elisabeth Hausken Nessa, mobil 928 96 575 eller e-post til hjelmelandturlag@stf.no
Påmeldingsfrist 12. april.
Turen til Viglesdal går på merka sti frå Nes i Årdal, den er 7 km ein veg og tek ca 2-3 timar. Terrenget opp langs dalen er fantastisk med viltre fossar og bratte urar.
Viglesdalen Foto: John Petter Riskedal Nordbø