Sankefestivalen i Hjelmelandsvågen kl 14.00 - 17.00 (1210)

Dette arrangementet er over!

Velkomen til festival i Hjelmelandsvågen med fokus på naturbaserte produkt og opplevingar.
Pga korona-Covid 19 er festivalen redusert til kun 1 dag; laurdag 8. august og alle må melda seg på!

For at flest mogleg skal kunna vera med, har vi delt dagen i 2 bolkar. På denne sida kan du melda deg på Sankefestivalen kl 14 - 17.00. Du deltek så lenge eller kort du sjølv vil innanfor denne tida. 

Hjelmeland Turlag saman med Stavanger Turistforening og Nyttevekstforeningen Jærsoppen arrangerer Sankefestival i Hjelmelandsvågen for tredje året. Årets utgåve blir av det eksklusive slaget pga antallbegrensingar pr aktivitet. Det blir ei kjekk blanding av aktivitetar og kunnskapsformidling med naturen i fokus!  Passer for heile familien. Kurs, fisking, eit langstrakt sanketorg, foredrag og festivalkafè, aktivitetar for barn mm. 

Programmet er nedjustert i forhold til det opphavlege på grunn av smittevernreglar. Det kan vera maksimalt 200 personar på festivalen og vi må ha navn og mobilnummer på alle som deltar. Derfor må alle melda seg på til sjølve festivalen i tillegg til kurs eller foredrag. Påmeldingen går heilt fram til dei 200 festivalpassa er delt ut.

Hjelmeland Turlag saman med Stavanger Turistforening og Nyttevekstforeningen Jærsoppen arrangerer Sankefestival i Hjelmelandsvågen for tredje året.

Vi har ein eigen side med heile programmet og med påmeldingslinkar.

Følg òg med på annonsering på Facbook-sida til Hjelmeland Turlag

Sankefestivalen i Hjelmelandsvågen kl 14.00 - 17.00 (1210)

Velkomen til festival i Hjelmelandsvågen med fokus på naturbaserte produkt og opplevingar. Pga korona-Covid 19 er festivalen redusert til kun 1 dag; laurdag 8. august og alle må melda seg på! ...

Kontaktinformasjon: