Fra Eikeland til Blåfjell (1343)

Fellestur

Dato
25. oktober kl. 09:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Utsikt, Topptur, Jæren, Kulturlandskap
Arrangører
Jæren Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Turkode
1343

Turen starter frå Eikeland skule kl 0930. Her er det høve til å parkera.

Denne turen er ein topptur til Blåfjellet, 272 moh og går gjennom jærsk kulturlandskap. Turen går først på traktorveg forbi Ødegård, vidare oppover før ein tek til høgre mot Bjødnalia. Vidare nedover vakre Urådalen, langs Urånå. Her er stien er ganske steinete. Turen går så til høgre, over Sælandsfjellet og opp til toppen av Blåfjellet. Her er flott utsikt dersom veret er med oss. Vi går så litt bratt nedover før vi på ny kjem på ein traktorveg.  Her tek vi til høgre og går mot Kleiva, forbi Skjelset og oppover til vi møter skilt som viser veg til Bursfjell. Vi skal ikkje oppom Bursfjell på denne turen, men tek strake vegen nedover til Eikeland skule.

Turen vil ta 4-5 timar inkl pausar.

  • Oppmøte:
    Eikeland skule kl 0930. Her er det høve til å parkera. Eikeland skule ligg langs Ålgårdsvegen fv. 506, og det er skilta til Eikeland skule frå vegen.
  • Turleiarar:
    Tor Line, mobil 400 00 080
    Anne Reidun Garpestad, mobil 958 19 098

Fra Eikeland til Blåfjell (1343)

Turen starter frå Eikeland skule kl 0930. Her er det høve til å parkera. Denne turen er ein topptur til Blåfjellet, 272 moh og går gjennom jærsk kulturlandskap. Turen går ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Tor Line
  • Anne Reidun Garpestad