Moskar – Sauanuten – Bråtveit, Turen er utsatt pga mye snø

Fellestur

Dato
24. mai kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangører
Suldal Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Dette arrangementet er over!

TUREN ER UTSATT PGA SNØ


Denne turen går i stølsområdet til gardane Djuvik, Guggedal og Bøen i Bråtveit. Oppmøte i krysset der vegen tar av ned til Bråtveit for utplassering av bilar til returen. Me startar turen ved enden av anleggsvegen i Trodledalen innanfor Moskar og går veien/stien inn til støladalen i Guggedalsheia, og vidare til Sauanuten. Tilbake går me den gamle stølsveien ned til Bøen. På vegen passerar me stølar og fleire gamle uteslåtter/ uteløer. Under Sauanuten er det ein imponerande hidler på 2-300 m2, med flatt tak og golv og full ståhøgde.

Turen er ca 8 km, og går i dels bratt og noko ulendt terreng, og vil ta heile dagen. Turen krev gode bein og førlighet, men er elles ikkje spesielt krevjande.

Turleiarar: Ragnar Djuvik, Bjarne Bråtveit(41578025)

Kart

Moskar – Sauanuten – Bråtveit, Turen er utsatt pga mye snø

TUREN ER UTSATT PGA SNØ Denne turen går i stølsområdet til gardane Djuvik, Guggedal og Bøen i Bråtveit. Oppmøte i krysset der vegen tar av ned til Bråtveit for utplassering ...