Avlyst Skitur Jonstøl – Hovden t/r med overnatting på Hovdestøylen

Fellestur

Fra dato
1. mai kl. 10:00
Til dato
2. mai
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Skitur, Hovden, Ski, Jonstølen
Arrangører
Suldal Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. På bakgrunn av nasjonale tiltak og smittevernomsyn avlyser vi alle turer, kurs, møter og aktiviteter frem til og med 1.mai.

Fredag 1. mai: Jonstølen-Hovdestøylen. Start Jonstølen kl 10.

Laurdag 2. mai, retur til Jonstølen /Moskar / Bråtveit. Start Hovdestøylen kl 8.

Dette er ein lang og krevjande tur i høgfjellsterreng, ca 35 km kvar veg. Austover vil me gå den sørlege ruta, heim igjen tenkjer me å gå den nordlige. (Sjå kart) Frå Jonstølen er det stigning frå ca 700 moh til ca 1300 moh i starten av turen. Resten av turen går i slakt nedoverbakke med ein lett motbakke frå Hallevatnet. På heimvegen tar me skiheisen til toppen av Storenos ved Hovden Skisenter. Etter dette blir det tur i lettgått høgfjellsterreng til me kjem på det høgaste punktet rett før Jonstølen. Begge rutene går i flott høgfjellsområde med stor sjangse for å få sjå reinsdyr. Det er ikkje spesielt vanskelige utforkøyringar, men gode skiferdigheter er nødvendig. Bra vær er nødvendig, så turen vil bli avlyst ved sterk vind/ uvær.

Turen frå parkeringsplassen i Moskar (ovanom Vetrhus i Bråtveit) til Jonstølen tar ca 1 time. Kom gjerne til Jonstølen torsdag kveld. Laurdagen er det sjølvsagt og mulig å overnatte på Jonstølen, men det er heller ikkje langt ned til bilane i Moskar. Sist me gjekk denne turen brukte me 12 timar frå Hovdestøylen til Moskar, med fleire pausar i det flotte været.

Me legg opp til overnatting og felles middag på Hovden resort/Hovdestøylen, tlf. 900 90 918. Kvar og ein bestiller overnatting for seg.

Turleiarar: Bjarne Bråtveit(41578025), Oddvar Lyse(95119824)

Kart

Skitur Jonstøl – Hovden t/r med overnatting på Hovdestøylen

Fredag 1. mai: Jonstølen-Hovdestøylen. Start Jonstølen kl 10. Laurdag 2. mai, retur til Jonstølen /Moskar / Bråtveit. Start Hovdestøylen kl 8. Dette er ein lang og krevjande tur i høgfjellsterreng, ...