Søndagstur til Vikestølheia - Vormedalen

Fellestur

Dato
12. juli kl. 10:00 - 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Turlag, #Dagstur, Hjelmeland, Vikestølheia, Vormedalen
Arrangører
Hjelmeland Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)

Dagstur i Vormedalsheia med flott utsikt.
Me treffes ved Grendehuset i Vormedalen (tidlegare skulen) for felles transport siste biten til Drabrekka. Me går opp Drabrekka, her er sti og noko mura drifteveg. Me går inn på nordsida av Vikestølheia, og opp på heia via Vikestølskaret. Der nyt me utsikten frå toppen av heia, varden her er på  832 moh. Me startar på ca 200 moh. Me går over Vikestølheia, ned på tvers av Vinddal, vidare over Storurdheia og vestover på drifteveg forbi Hødnelitjørna, langs Hødneliknuten, ned lia og tilbake til botn av Drabrekka.

I effektiv gange kan det vere snakk om 3-4 timar. Når ein er eit turfølgje, og tek med pausar mm har me sett turen opp til 6-7 timar.

Oppmøte (tid og sted): Grendehuset i Vormedalen, tidlegare skulen. Vormedalsvegen 1637, for felles køyring. Kl 10.00 søndag 12. juli.

Retur ca kl 17.00 same stad som oppmøte

Kjentmann: Åstein Mæland
Turleiar: Anne Kari Skogerbø, epost hjelmelandturlag@stf.no, tlf 97705280

Ta med : kler til ein dag på høgheia, nistepakke til ein heil dag på tur, kikkert, kart, evt stavar, sitteunderlag. Ta med drikke i alle fall til starten av turen, på veg ned frå heia er her oppkome og bekker å finne vatn i.

På grunn av smittevernreglar i høve til Covid 19 må alle som vil vere med på turen melde seg på på førehand. Påmelding heilt fram til turstart.
Husk vanlege smittevernreglar; god hand- og hostehygiene, hold avstand, dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon må du halde deg heime.

 

Søndagstur til Vikestølheia - Vormedalen

Dagstur i Vormedalsheia med flott utsikt. Me treffes ved Grendehuset i Vormedalen (tidlegare skulen) for felles transport siste biten til Drabrekka. Me går opp Drabrekka, her er sti og noko mura ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Anne Kari Skogerbø