HJELMELANDSVÅGEN - HEIAKODL

Fellestur

Dato
23. august kl. 12:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Lokal, Nærmiljø, Fjordutsikt
Arrangører
Hjelmeland Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Hjelmelandsvågen er utgangpunkt for turar ut i fantastisk natur.  Møt opp ved Vågastova kl 12:00

Turen går frå Vågen gjennom smale smug i strandstaden, opp forbi aktive frukthagar på Sæbø og opp bratt sti til Strenjatonå - her blir det pause og panoramautsikt over fjorden. Vidare går turen via Knuten og opp den gamle stien i retning Hagalid.  Ved Heiavarden svingar me inn på nymerka løypa sørover opp mot Heiakodl. Heiakodl ligg 455 moh, med eineståande utsikt utover heile Ombofjorden. På toppen tar me ein god rast og nyt nistepakke og utsynet !

Returen går ned same veg, men nå med ein sving nedom Flåtene og ut til Vågen igjen via Burmavegen og Nordbygda.

Dersom ein har lyst på ein kortare tur; kan ein kjøre til Hagalid sjølv og gå derfra litt over kl 13:00, og møte turfølgjet ved Heiavarden ca 13.30. Gi beskjed isåfall. 

Det er eit par korte, bratte parti - Turen går hovudsakleg på sti.

Lokal kjendtmann : Endre Nordbø 

Ha på gode sko, klær etter været + mat og drikke

Pga koronareglar må me ha påmelding til turen, og maks 20 i turfølgjet inkl turleiarar og kjentmann.  Alle deltakarar må hugse avstandsreglar og god handhygiene - ta med eigen mat,drikke og utstyr !   Ein skal kun gå om ein føler seg frisk og utan forkjølessymptom.  Koronareglement DNT

 

HJELMELANDSVÅGEN - HEIAKODL

Hjelmelandsvågen er utgangpunkt for turar ut i fantastisk natur.  Møt opp ved Vågastova kl 12:00 Turen går frå Vågen gjennom smale smug i strandstaden, opp forbi aktive frukthagar på Sæbø og ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Svanhild Hjorteland Gbada