Sankefestivalen i Hjelmelandsvågen kl 10-13.30 (1200)

Festival i Hjelmelandsvågen med fokus på naturbaserte produkt og opplevingar.
Pga korona-Covid 19 er festivalen redusert til kun 1 dag: laurdag 8. august kl 10.00 - 17.00 og alle må melda seg på. 

For at flest mogleg skal kunna vera med, har vi delt dagen i 2 bolkar. På denne sida kan du melda deg på Sankefestivalen kl 10 - 13.30. Du deltek så lenge eller kort du sjøv vil innanfor denne tida. 

Hjelmeland Turlag saman med Stavanger Turistforening og Nyttevekstforeningen Jærsoppen arrangerer Sankefestival i Hjelmelandsvågen for tredje året. Kurs ,fisking, Sanke-kafè, foredrag og kanskje eit langstrakt torg med aktivitetar mm.  Årets utgåve blir av det eksklusive slaget pga antallbegrensingar pr aktivitet. Det blir ei kjekk blanding av aktivitetar og kunnskapsformidling med naturen i fokus! Passer for heile familien.  

Programmet er kraftig justert i forhold til det opphavlege på grunn av smittevernreglar. Vi kan aldri vera meir enn 200 personar på festivalen og må ha navn og mobilnummer på alle som deltar. Vi ber om at alle meldar seg på til sjølve festivalen i tillegg til kurs eller foredrag. Har du ikkje meldt deg på, kan du koma etter kl.12.00. Da må du rekna med å måtte vente til nokon har gått heim før du slepper inn på festivalområdet. 

Vi har ein eigen side med heile programmet og med påmeldingslinkar.

Følg òg med på annonsering på Facbook-sida til Hjelmeland Turlag

Sankefestivalen i Hjelmelandsvågen kl 10-13.30 (1200)

Festival i Hjelmelandsvågen med fokus på naturbaserte produkt og opplevingar. Pga korona-Covid 19 er festivalen redusert til kun 1 dag: laurdag 8. august kl 10.00 - 17.00 og alle må ...

Kontaktinformasjon: