Vigestøl - Skomakarnibba - Hjelmelandsvågen

Fellestur

Dato
7. juni kl. 10:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Juv, Stup, Skomakernibbå, Fjordutsikt, Nibbe, Hei, Øksnafjell
Arrangører
Hjelmeland Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)

Lang og tøff tur utover langs sørsida av Jøsenfjorden - flotte utsiktspunkt

Oppmøte i Hjelmelandsvågen kl 10.00.  Samordning av kjøring i bilar.
Me kjører inover til Vormedal, Turen startar i Eikelisvingen på Vormedalsvegen (første krappe sving etter Brekkå, på veg ned mot Vormedal), 250 moh .
Oppmøte i svingen ca 10.30.

Herfra går me innover skogsveg i skogsterreng fleire km, forbi Eikelidvatnet, Vikestølvatnet og heilt inn til foten av Indre Øksnafjell. Herfra går turen vidare i terreng, opp Krodalen, og opp til markant utsiktspunkt ca 640 moh. Her er det utsikt rett ned i Osmundsjuvet og ned i Osmundshavn i Jøsenfjorden. Flott utsikt innover fjorden.
Herfra går turen vidare vestover i terreng: først litt nedover igjen, og deretter stigning oppover til Høgeheia ca 740 moh.  
Høgeheia ligg like ovanfor den sagnomsuste Skomakarnibba; ei markant nibbe med stup ned i Jøsenfjorden, ca 680 moh.

Heretter fortsett turen vidare vestover på merka sti, først forbi det dramatiske Ulsvikjuvet. Vidare utover langs Øksnafjellet, før det går bratt ned skogkledd li. Turen går i tildels myrlendt og ulendt terreng, og nokre bratte parti.  Terrenget slakar ut og stien blir betre, og går over i landbruksveg etterkvart som me nærmar oss garden Hagalid, ca 300 moh

På Hagalid er det galleri og liten kafè. Men turen fortsett til fots vidare på merka sti vidare vestover. Det blir nok ei bratt nedstigning, nå ned mot Flåtene, som var gamle fotballbanen på Hjelmeland. Frå Flåtene følgjer me merka turveg gjennom kulturlandskapet sørover gjennom Sæbøgardane og ned til Vågen.

Turen er ca 15 km, relativt lang og tøff, med ein del stigning, bratte og ulendte parti. Utsiktspunkta passar best for folk utan høgdeskrekk, Bratte skrentar, så vis aktsemd.

Vanskeleg å anslå eksakt tidsbruk på turen, men ein må rekne med at heile dagen går. Ta med godt med mat og drikke, samt gode sko og klær etter forholda. Kikkert er fint å ha då me kjem opp på flotte utsiktspunkt.

 

Vigestøl - Skomakarnibba - Hjelmelandsvågen

Lang og tøff tur utover langs sørsida av Jøsenfjorden - flotte utsiktspunkt Oppmøte i Hjelmelandsvågen kl 10.00.  Samordning av kjøring i bilar. Me kjører inover til Vormedal, Turen startar i Eikelisvingen ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Gunnulf Sande
  • Svanhild Hjorteland Gbada

Annonse