Pyttaskogen på Nærbø - nærtur (1314)

Fellestur

Dato
26. februar kl. 17:30 - 19:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Nærtur, Jæren, Skogstur, Kveldstur
Arrangører
Jæren Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Helgelandskysten, Ryfylkeheiane (se kart)
Turkode
1314

Frå Nærbø stasjon går me gjennom jernbaneundergangen og vidare inn på Nærbøgata som er den eldste gata i Nærbø. Her er endå bebyggelse frå slutten  av 1800- talet, bl.anna Mossigehuset,som er bygd i 1868 og nå freda. 

Frå Nærbøgata svinger me innpå gangsti som fører oss til Opstadvegen. Der  krysser me vegen og går opp Nordhallet og vidare til gangsti som fører oss inn på Vestringen. Herfrå til Markavegen og vidare til Kviræget. Kviræget er eit nyare byggjefelt som er blitt utbygd etter år 2000. Kviholen, Kvibakken og Kvimarka er og nyare felt som er kome til i dette området.

Vel ute på fylkesvegen går me vidare til høgre forbi 60-km skiltet for så å koma inn på ein bygdaveg- og sti som heiter "Træe". Idyllisk sti og veg som fører oss opp til  Bø gamle kyrkjegard som er eit fornminne. Bøekyrkja som stod her var frå ca 1300-talet og var hovudkyrkje prestegjeld fram til 1668.  Me tar ein kort stopp her for å få med historien om staden. Turen fortsetter så på ein bygdaveg ned til Skatteberget og til Gudmestadvegen. Vidare går me over vegen og inn i eit bustadfelt og vidare inn i Jernbaneskogen som fører oss til Pyttaskogen som har ein fin runde der me passerer Bø Miljøstasjon.  Vegen går tilbake på sti langs jernbanen tilbake til utgangsstaden.

  • Oppmøte:
    Parkeringsplassen ved Nærbø jernbanestasjon kl 17.30
     
  • Turleiar: 
    Liv Klepp, mob.  924 85 648
     
  • Ta med: 
    Hodelykt

Pyttaskogturen er ein av nærturane som går kvar annan onsdag kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal.

 

Pyttaskogen på Nærbø - nærtur (1314)

Frå Nærbø stasjon går me gjennom jernbaneundergangen og vidare inn på Nærbøgata som er den eldste gata i Nærbø. Her er endå bebyggelse frå slutten  av 1800- talet, bl.anna Mossigehuset,som er bygd ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Liv Klepp