Stemmen på Kvernaland - nærtur (1311)

Fellestur

Dato
15. januar kl. 17:30 - 19:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Rundtur, Nærtur, Kveldstur, Jæren
Arrangører
Jæren Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Turkode
1311
Dette arrangementet er over!

Turen startar ved Smiå på Kvernaland, og her er det mogleg å parkera. Det var her, ved Frøylandsåna på Frøyland, at Ole Gabriel Kverneland i 1879 etablerte si første smie. Dette var den første smia på Jæren der det vart lagt opp til fabrikkmessig drift. Ljåproduksjonen låg på rundt 6000 til 7000 i året. I dag er den opphavlege smia museum.

Frå Smiå går turen til Stemmen. Her vart det i 1895 bygd ei demning med kanalar som fungerte som energimagasin for Kvernelands fabrikk.

Turen vidare går gjennom Stemmen Park som Kvernaland Velforening har opparbeida på ein flott måte. Her er Stemmen på eine sida og aktivitetspark på andre sida. Det er trimapparat, skatebane, plass for sandvolleyball og leikeplass.

Turen held fram inn på Brekkevegen med naturleikeplass og ein liten skog som er fin å leika i for barn, og vidare til byggjefeltet Floen. Her er mange leikeplassar for barn. Derifrå er det på gang og sykkelvegar tilbake til Smiå. 

Oppmøte:
Ved Smia i Kverneland sentrum kl. 17.30.

Turleiar: Siri Kverneland

Ta med: 
Hodelykt

Nærturen Stemmen er ein av nærturane som går kvar annan onsdagen kl 17.30 på Jæren. Nærturane er eit samarbeid mellom Jæren Turlag og kommunane Time, Hå, Klepp og Gjesdal.

Stemmen på Kvernaland - nærtur (1311)

Turen startar ved Smiå på Kvernaland, og her er det mogleg å parkera. Det var her, ved Frøylandsåna på Frøyland, at Ole Gabriel Kverneland i 1879 etablerte si første smie. ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Siri Kverneland