TUR FRÅ HJELMELANDSVÅGEN TIL HEIAKODL 455 moh

Fellestur

Dato
11. august kl. 11:30 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Lokal, Nærmiljø, Fjordutsikt
Arrangører
Stavanger Turistforening, Hjelmeland Turlag
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Hjelmelandsvågen er festivalområde og utgangpunkt for turar ut i fantastisk natur.  Møt opp ved Turlaget sitt festivaltelt kl 11.30

Bli med dei lokale turentusiastane Endre Nordbø og Åsmund Sirevåg på tur frå Vågen, opp via heilt nymerka stiar til nydelege utsiktspunkt like ovanfor tettstaden Hjelmeland.

Turen går frå Vågen gjennom smale smug i strandstaden, opp forbi aktive frukthagar på Sæbø og opp bratt sti til Strenjatonå - her blir det pause og panoramautsikt over fjorden.
Vidare går turen via Knuten og opp den gamle skulevegen i retning Hagalid.  Når me kjem til Heiavarden, møter me turfølgjet som kjem frå Hagalid med Jone Hagalid som kjentmann - sjå tur 1232 Hagalid til Heiakodl. Saman med det andre turfølgjet går me vidare sørover mot Heiakodl, som ligg 455 moh, men eineståande utsikt utover heile Ombofjorden. 
Returen går ned same veg, men nå med ein sving nedom Flåtene og ut til Vågen igjen via Burmavegen og Nordbygda.
Både Endre og Åsmund er aktivt med på turstimerking på Hjelmeland, og dei har merka opp delar av ruta me skal gå og er godt lokalkjente.
Jone som me møter på toppen er bonde på Hagalid, og han er òg svært godt lokalkjent i området.  

Det er eit par korte, bratte parti - Turen går på sti.

Ha på gode sko, klær etter været + mat og drikke

Turen er del av eit større program under Sankefestivalen i Hjelmeland 10-11 aug

 

TUR FRÅ HJELMELANDSVÅGEN TIL HEIAKODL 455 moh

Hjelmelandsvågen er festivalområde og utgangpunkt for turar ut i fantastisk natur.  Møt opp ved Turlaget sitt festivaltelt kl 11.30 Bli med dei lokale turentusiastane Endre Nordbø og Åsmund Sirevåg på ...

Annonse