Tur frå Hagalid til Heiakodl på Sankefestivalen (1232)

Fellestur

Dato
11. august kl. 13:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Barn, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Naturlos
Arrangører
Hjelmeland Turlag, Stavanger Turistforening
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Turkode
1232

Bli med til vakre Hagalid. Garden ligg ca 300 m.o.h, nokre km kjøring  nord for Hjelmelansvågen. Hagalid fekk både veg og straum i 1960. Nå er det busetjing i 3 av husa; det er stor juletreproduksjon og siste nytt: kunstgalleri og kafè: Galleri Hagalid. Hagalid er òg utgangspunkt for tur til den litt meir berømte Skomakarnibbå. Men denne dagen set me nasen andre vegen, og skal få bli med på ein ny og kortare tur i området.

Turen frå Hagalid-tunet opp til Heiakodl 455 moh og tilbake tar ca. 2 timar.

På vegen går vi forbi froskedam, følgjer hjortetråkk og får fantastiske utsiktar ut over Hjelmelandsbygda og fjorden

  • Oppmøte: Ved Turlagets telt på Sanketorget i Hjelmelandsvågen kl. 13.00. Her blir det samordna transport opp til Hagalid
  • Turleiar og naturlos: Jone Hagalid. 

Det er òg mogleg å gå turen frå Hjelmelansvågen opp gamlestien via Flåtene, og møter turfølget frå Hagalid ved Heiavarden kl 13.20.

Etter turen blir det tid til å besøke kunstgalleriet og kafèen. 

Tur frå Hagalid til Heiakodl på Sankefestivalen (1232)

Bli med til vakre Hagalid. Garden ligg ca 300 m.o.h, nokre km kjøring  nord for Hjelmelansvågen. Hagalid fekk både veg og straum i 1960. Nå er det busetjing i 3 ...

Annonse